Kva Succession kan ha å seie for reiselivsnæringa i fylket, kan ein berre spekulere i. Men med dei skyhøge sjåartala HBO-serien The Succession har, er ikkje Lillian Sæther i tvil om effekten:

- Dei nesten 50 minutta familien Roy besøkte fylket må vere den beste reklamen for Møre og Romsdal så langt. Serien blir streama i heile verda og serien blir omtala som ein av dei beste, seier Sæther, som er rådgivar i reiseliv i Møre og Romsdal fylkeskommune.

På grunn av dei store ringverknadane slike filminnspelingar gir, er det eit klart ønske for fylkeskommunen om å få slike produksjonar til fylket.

- Sidan 2009 har ei av målsettingane vore å styrke fylket sin attraktivitet som innspelingsstad. Auken i talet på filminnspelingar siste åra viser at ulike satsingar har gitt resultat, seier Ragnhild Holsvik, seksjonsleiar for kunst og kulturformidling i fylkeskommunen.

Insentiv til Succession

Den norske delen av HBO-serien blei gjennomført av Truenorth Norway AS, med ei rekke folk frå Møre og Romsdal bak kamera. 25% av kostnadane til norske fagfolk og leverandørar blei refundert gjennom insentivordninga, som blir administrert av Norsk filminstitutt.

Sigmund Elias Holm, filmkomissjonær ved Vestnorsk filmsenter, seier insentivordninga er avgjerande for å få større produksjonar hit.

-Insentivordninga er det første utanlandske produsentar spør om. Land vi konkurrerer med om dei store produksjonane, som Storbritannia, Island, New Zealand, Irland og Canada, tilbyr heilt automatiske refusjonar gjennom sine insentivordningar. Regjeringa har nyleg mottatt ein rapport om ordninga som anbefaler at også den norske ordninga blir styrka. Da vil vi kunne få enda fleire produksjonar til regionen, seier Holm.

Auka innsatsen

Det er eit før og etter 2009 når det gjeld filminnspeling i fylket

I perioden 1985 til 2008 var det ikkje gjennomført ein einaste filmproduksjon i Møre og Romsdal. Men frå 2009 og fram til 2020 vart det spelt inn 37 nasjonale og internasjonale film- og tv-seriar.

Ei viktig forklaring er eit tettare samarbeid med og tilskot til Vestnorsk filmsenter som gir støtte til lokale filmprosjekt, og som marknadsfører regionen som innspelingsstad. Sidan 2009 har Møre og Romsdal fylkeskommune løyvd årlege tilskot til senteret og løyvinga for 2023 er på vel 1,6 mill kroner. Frå 2023 er også fylkeskommunen også medeigar i Vestnorsk filmsenter saman med Vestland fylkeskommune og Bergen kommune.

-Gjennom støtta vi gir til Vestnorsk filmsenter ønsker vi å bidra til at det blir fortalt og produsert filmhistoriar frå fylket, og at store produksjonar som Succession blir lagt til hit, seier Holsvik.

Insentivordninga i Norsk filminstitutt, som blei etablert i 2016, har gitt dette arbeidet eit nytt momentum.

Dette er Succession

Den amerikanske HBO-serien er ein satirisk svart drama-komedie om ein søkkrik mediemogul og dei fire vaksne barna hans, og i sesong fire, episode fem, følger vi Roy-familien til Noreg for å gjennomføre ein handel med svenske milliardæren Lukas Mattson, alias Aleksander Skarsgård.

Episoden vart spelt inn i september i 2022, og skodespelarar med crew budde og jobba i fylket i over tre veker, på ulike plassar og med lokale statistar.

Då den vart slept for kort tid sidan, fekk den fyldig omtale i alt frå Times, New York Times, Vogue, Variety til USA Today. Også dei ulike ‘luksusdestinasjonane’ som Eggen, gondolen, Juvet landskapshotell fekk brei spalteplass. Knut Slinning, dagleg leiar ved Juvet landskapshotell, fortalte i nrk at besøkstalet på websida deira raskt spratt opp frå 500 per dag, til 18 000 besøkande på ein time etter norgesepisoden. No står det att å sjå kva effekt det vil ha for reiselivet i regionen vår.