Hotellet meiner stolane i konferansesalen ikkje held dagens standard for konferansestolar, og vil kjøpa 200 nye, inkludert hundre nye med armlene, spesielt retta mot den kommunale kinoen.

Ifølgje «kinoavtalen» frå 2016, har Eidfjord kommune eigedomsrett til hundre av stolane i kultursalen ved hotellet, og dermed ansvar for utskifting av desse.

Vøringfoss Hotel ber Eidfjord kommune bidra med hjelp til innkjøp av nye stolar. Ifølgje ein avtale mellom hotellet og kommunen skal stolane halda «ein normal tidsmessig standard». Foto: Eli Lund

Rådmann Magnus Steigedal tilrår bruk av kommunale kroner.

Det er hotellet som har vurdert standarden på stolane opp mot deira bruk til konferansar og liknande.

– Denne vurderinga kan Eidfjord kommune støtta når det gjeld konferansebruk og alderen på stolane. Eidfjord kommune sin bruk av stolane til kino stettar ikkje nytteverdien opp imot kostnadane av å byta ut stolane, skriv han men:

Rådmannen viser til den solidariske ansvarsretten i kinoavtalen frå 2016.

– Det er fornuftig at alle stolane vert bytt ut samtidig for å kunna få lik utsjånad, og forhåpentlegvis ein betre pris ved samla innkjøp, skriv han.

Stolane med armlene er stipulert til å kosta ca. tusen kroner per stol.

Formannskapet tilrådde 29. mars at kommunen dekker kjøp av hundre stolar, for inntil 407 000 kroner.

Det er kommunestyret som fattar endeleg vedtak i saka.

Vil ha totalvurdering

Hotellet har i tillegg ynskje om at avtalepartane skal sjå på ny skiljevegg, utskifting av systemhimling og golv i kinodelen. Og dessutan ei totalvurdering av kostnadane hotellet og Eidfjord kommune har hatt med vedlikehald og utskiftingar.

Administrasjonen tilrår å sjå på andre kostnadar i samband med budsjettprosessen for 2024, noko formannskapet stiller seg bak.