Ingeniør- og konsulentselskapet Head Energy AS har på vegner av Smaken av Ryfylke søkt kommunen om etablering av fem sovetønner framfor hotellbygningen på Hjelmeland. Smaken av Ryfylke har i fleire år drive restaurantdrift i dei gamle restaurantlokala på hotellet.
Tønnene skal plasserast på eit platå i hagen nedanfor restauranten.
– Fordi det ikkje er hotelldrift i bygningen, er det nå behov for overnattingskapasitet i tilknyting til drifta av restaurant og konferansesenter, skriv Head Energy i søknaden.
Ga grønt lys
Areal- og forvaltningsutvalet i Hjelmeland kommune fekk nyleg saka på bordet, og ga grønt lys for planane, slik rådmannen hadde foreslått. Men i saksvurderinga kom det samtidig fram at bruken og driftsstrukturen av hotellområdet er ein annan enn det som var tenkt den gongen reguleringsplanen og utomhusplanen blei vedtatt.
– Det har også skjedd endringar i eigedomssituasjonen, ved at Smaken av Ryfylke har overtatt eigarskap for mesteparten av utomhusområdet på nordsida av hotellbygningen. Det er utfordrande å vurdera dette konkrete tiltaket når så mange av føresetnadene for planen er endra, står det i saksutgreiinga.
I forslaget frå rådmannen, som politikarane i forvaltningsutvalet støtta samrøystes, går det fram at løyvet er gyldig i to år. Det står også at alle konstruksjonar då må vera fjerna, med mindre det blir gitt permanent løyve til tiltaket.
Sjølv om dei folkevalde støtta planane, blei det også stilt spørsmål ved det som nå skjer i hotellområdet på Hjelmeland.

– Eit paradoks
– Det er eit paradoks at selskapet må byggja ut fleire soveplassar her, så lenge det ligg ein haug med hotellrom i same bygg som restauranten og konferanselokala til Smaken av Ryfylke, uttalte Morten Hetland (MDG) i møtet. Han støtta likevel søknaden, sidan tomta er regulert til reiseliv, og at sovetønner er eit supplement og eit alternativ til overnatting i hotellrom.
Etter konkursen i Spa-hotell Velvære AS har det frå politisk hald blitt etterlyst svar kva handlingsrom kommunen har til å få gang på hotelldrifta igjen. Det er blitt vist til at fleire av hotellromma nå blir brukte som private leilegheiter, i strid med reguleringsplanen. Vedtatte planar seier at leilegheitene i hotellbygget skal leigast ut i delar av året.
I saksutgreiinga kjem det fram at fleire seksjonseigarar i hotellbygningen har stilt seg negative til sovetønnene dersom tiltaket skal bli permanent. Ein av desse naboane har også bede om at det blir gjort ein innsats for å organisera utleige av rom i staden for å setja opp sovetønner utanfor hotellbygningen.
– Me har gjort ein innsats og prøvd å få etablert ei felles utleigeordning med fleire av eigarane. Sidan dette ikkje førte fram, måtte me sjå på alternativ. Me har kjøpt tre leiligheiter med totalt 12 sengeplassar, i tillegg skal me setja opp sovetønnene. Dette blir likevel eit heilt anna tilbod enn å sova på hotellrom. Me satsar derfor på å få nye kundegrupper og interessentar til Hjelmeland, fortel Torsten Schläwicke, som er styreleiar i Smaken av Ryfylke Event AS.

