– Over 30 bøter høyrest mykje ut. Men akkurat her eg står no har eg ikkje fullstendig oversikt, seier Eikefjord til avisa E24.

Det er til dagleg Ole Johnny Eikefjord som disponerer bilen. Eikefjord med opphav frå Førde er ein av Noregs mest kjende kokkar.

No har den svarte Teslaen som han eig i lag med Petter Stordalen fått 31 parkeringsbøter sidan januar i fjor. Det svarar til rundt 29.000 kroner. Teslaen er registeret på selskapet Eik Savoy AS, der Eikefjord og Stordalen eig halvparten av aksjane kvar.

Stordalen hadde ikkje stort å seie om saka.

– God helg. Ikkje min bil, skreiv milliardæren i ei tekstmelding til avisa E24 torsdag.

Travel kokk

Eikefjord seier ein hektisk kvardag og få moglegheiter for parkering i sentrum er årsaka til alle bøtene.

– Vi har sju restaurantar i sentrum, så det blir mykje køyring frå stad til stad for å frakte og levere varer, seier han til E24.

E24 skriv vidare at 12 av 31 bøter skal ha vore på grunn av feilparkering ved Universitetsgata. Der ligg gourmetrestaurantane Eik og Fjord som Eikefjord og Stordalen eig saman.

Feilparkeringane til Eikefjord har opp til fleire gonger blitt nemnd på Twitter. Der skriv blant anna ein brukar dette:

«Utanfor Eik/Savoy feilparkerer den same Teslaen omtrent kvar einaste dag. Eigaren tenker openbert at kostnaden ved gebyr er lågare enn fordelane ved å parkere i umiddelbar nærleik av jobb»

Eikefjord er ikkje einig i dette.

– Det stemmer ikkje at bilen står der dagleg, men den står der sikkert oftare enn den burde. Som regel står den utanfor i ganske kort tid, slik at eg kan frakte og levere varer til restaurantane. Men av og til blir nok bilen ståande der i fleire timar, seier Eikefjord til E24.