– Vi prøver, men får aldri til noko, seier konserntillitsvald Jan Roger Ulvang som har prøvd å forhandle opp lønna til dei rundt 400 Radisson-tilsette som er omfatta av tariffavtala til Fellesforbundet.
I lønnsforhandlingane i Radisson etter at hotell- og restaurant-tilsette fekk rett til lokale forhandlingar i 2016, har enden på visa vore ueinigheit – sist i fjorårets forhandlingar før sommaren.
– Det har aldri vore noko å gi til dei tilsette, men alltid mogleg å gi bonusar til leiarane, seier Ulvang og viser til at leiinga har budsjettert med 6,6 millionar kroner til bonusar i 2022 og 2023.
Magasinet for fagorganiserte har sett dokumentasjon som bekreftar bonus-tala.
Lokal lønnstillegg-rekord: Scandic-tilsette fekk 1 krone i 2021
Taper konkurransen om tilsette
No står den internasjonale hotellgiganten igjen som verst i klassen på lønn.
– Vi blir hengande etter alle dei andre hotellkjedene, forklarer Ulvang.
I lokale forhandlingar skal både tillitsvalde og arbeidsgivarar ta utgangspunkt i fire kriterium, ifølge tariffavtala. Det er økonomi, produktivitet, framtidsutsikter og konkurranseevne.
– Men vi blir ikkje konkurransedyktige når vi ikkje aukar lønna til dei tilsette. Folk vil jo heller jobbe i dei andre hotellkjedene.
Argumenta til dei tillitsvalde er som følger:
Radisson går med store plussresultat. Færre tilsette har ført til at det er meir å gjere på jobb. Radisson bygger hotell, så framtidsutsiktene er lyse.
Men: Tilsette går heller til andre hotellkjeder og bransjar på grunn av lønna, og fleire hotell slit med å rekruttere folk.
Les også: Hotell- og restaurant-arbeidarar tapte lønnskamp i Arbeidsretten
Meir hos Choice, Scandic og Thon
Det har vore mykje trøbbel med å få i gang dei lokale forhandlingane i alle dei store kjedene i hotell- og restaurant-bransjen.
Så stor var frustrasjonen i Fellesforbundet at forbundet og LO i 2021 tok arbeidsgivarane i NHO til retten.
Samtidig begynte ting å komme på gli. Magasinet for fagorganiserte har sjekka utfallet i dei lokale forhandlingane i Nordic Choice, Scandic og Thon Hotels:
Blant resultata dei siste par åra er lønnstillegg, forskottering av sjukepengar og meir pengar til tenestepensjon (sjå faktaboks).
– Det er dei same krava som vi har stilt i Radisson, fortel Ulvang.
– Bedrifta har tatt på seg at vi skal ha lokale forhandlingar. For meg verkar det useriøst at det er umogleg å få ut noko.
Dei konserntillitsvalde er også misnøgde med at regionsjefen i Radisson ikkje stiller i forhandlingane.
Radisson svarer
Vi har lagt fram kritikken frå dei konserntillitsvalde, for arbeidsgivarane i Radisson.
Forhandlingane i Radisson har vore reelle og ført etter dei fire kriteria som skal leggast til grunn, svarer HR-direktør Josefine Janson, som har deltatt i forhandlingane, i ein epost.
«Arbeidsgiver har kommet med konkrete tilbud som partene desverre ikke har kunnet enes om», konstaterer ho.

