– Vi blir her eit halvt år. Kanskje eitt år.

Det seier Preben Moen på telefon frå Å i Lofoten. Han står midt i oppstarten av eit stort overnattingsanlegg. Classic Norway-kjeda skal denne våren opne eit nytt konsept på den vesle fiskeværet.

Til å leie oppstarten har kjeda hyra glopparen, som kjend både er oppvaksen og har jobba fleire år i hotellbransjen.

Med seg nordover har han også veslebror Dag Håkon Moen. Kompis og kokk Bjørn Tenud kjem 1. mai. Anlegget har over 120 soveplassar der ein kan velje å sove på rorbu, hotell eller hostell.

Likar anonymiteten

Moen kallar det nordnorske eventyret eit konsulentoppdrag. Då han gav seg som hotelldirektør på Gloppen hotell, fekk han nye oppgåver i Classic Norway Hotels-kjeda.

– Først var det berre snakk om å setje det heile i gang, men no ser det ut til at eg blir ei stund lenger, seier 33-åringen, som ikkje høyrest særleg lei seg ut for det.– Eg var på tur med bubilen i Lofoten i fjor og vart heilt frelst! Eg padla mykje kajakk og gjekk i fjellet. No har eg med meg topptur-utstyr, så eg storkosar meg. Eg har ikkje flytta frå Gloppen for godt, men tek dette som eit lite eventyr. At ingen veit kven han er, er eit stort pluss, meiner han.

– Eg var direktør på Gloppen hotell i ti år. Det å vere leiar i ei bygd er på godt og vondt. Det er herleg å kome til ein plass der ingen har kjennskap til meg.

Akkurat no flyt jobb og privatliv litt saman, då han jobbar lange dagar og søv i ei av rorbuene. Men om ikkje så lenge skal dei tre glopparane flytte inn i eit leigd hus i nabobygda Sørvågen.

– Det er utruleg vanskeleg å få seg hus her, så vi har vore heldige. Du går på 20 minutt og brukar fem minutt i bil, fortel Moen.

 

LES OGSÅ

Camilla ville ha skilting til vingarden, men fekk nei. Dette er grunnen

 

Preben og Dag Håkon Moen i Å
 
SAMARBEID: Med seg nordover er også bror Dag Håkon Moen (t.v). Foto: Privat

Hentar tidlegare kollegaar

Han er ikkje åleine om å like seg i Lofoten. Kvart år kjem folk frå heile verda til dei vesle fiskeværa i Nord-Norge.

Sjølv om hotellanlegget formelt sett ikkje har opna enno, har dei allereie 50–60 overnattingsgjestar om dagen.

– Rorbuene er opne. Frå april skal vi også stå på kjøkkenet og lage litt mat på hotellet, men den offisielle opninga er først 1. mai.

Til då skal hotellet også ha fått fleire tilsette. Moen fortel at han har sikra seg tidlegare tilsette på Gloppen hotell.

– Det blir på mange måtar ein «reunion», seier han.