Modig, framoverlent og kvalitetsbevisst – og med eit mål om å stimulera til utvikling og til ei kvar tid overgå forventningane til målgruppene. Dette er ambisjonane til Destinasjon Bjerkreim og krava dei stiller til seg sjølv.
Destinasjon Bjerkreim er utstillingsvindauget for naturopplevingar, lokalmat, aktivitetar, overnattingstilbod og til ein viss grad også anna næringsliv i kommunen. Arbeidet med å utvikla webportalen blei sett i gang hausten 2020 av TEAL (tidlegare Ryfylke næringshage) i samarbeid med Bjerkreim kommune. Bjerkreim har ikkje lenger eigen næringshage, men er medeigar i TEAL. Destinasjon Bjerkreim blei lansert sommaren 2021 og er til stades på sosiale medium med emneknaggen #destinasjonbjerkreim. Det er Bjerkreim kommune som eig portalen.
Tårevåte auge
I sist kommunestyremøte hadde forretningsutviklar Bent Hansen frå TEAL ein presentasjon av Destinasjon Bjerkreim for dei folkevalde.
– Nå er me våte i auga, kommenterte ordførar Kjetil Slettebø (Sp) etter presentasjonen.

Akkurat dét; å gjera kommunen sine innbyggjarar stolte – på grensa til rørte – er litt av intensjonen med Destinasjon Bjerkreim. Men hovudpoenget er å få dei som ikkje alt veit at Bjerkreim er gull, som Hansen uttrykkjer det, til å oppdaga det.
– Bjerkreim og Dalane har ein fantastisk natur som mange som bur bare eit lite stykke unna, ikkje har oppdaga eller har kjennskap til. Dei fire reiselivsfyrtårna er berebjelkar: Ørsdalsvatnet, Bjerkreimselva, Stavtjørn-området og Gloppedalsura. Spektakulær natur og flotte aktørar med spennande produkt er ein veldig god kombinasjon som fortener å bli løfta fram, seier Bent Hansen.
Oslofolk, siddisar, eigersundarar og kinesarar


Han har dokumentasjon på at Destinasjon Bjerkreim har bidratt til at stadig fleire oppdagar "gullet". Ved utgangen av januar hadde portalen hatt 11.000 unike brukarar sidan oppstarten for halvtanna år sidan, i gjennomsnitt 19 nye brukarar kvar dag. 9.500 av brukarane er norske. På andreplass følgjer USA, deretter Tyskland. Og, ja, også eit hundretal kinesarar har vore innom portalen og sett kva Bjerkreim kan by på. Dei fleste norske brukarane bur i Oslo. Siddisane inntar andreplassen, og naboane i sør, Eigersund, ligg på tredjeplass.
– Hovudmålgruppa er Rogaland frå Stavanger-området og sørover. Som sekundær målgruppe reknar me Vestlandet og Austlandet frå Bergen til Oslo. Då me lanserte nettsida, kjørte me ein målretta kampanje retta mot kystlinja Bergen-Oslo, som er veldig interessant for oss. Det var spennande å sjå kor godt me klarte å fanga interessa til folk i dette området, og, ikkje minst, at interessa har halde seg over tid, seier Bent Hansen.
Kommunalt nybrottsarbeid
– 11.000 unike brukarar; kor bra er eigentleg eit slikt resultat?
– Det er eit vanskeleg spørsmål, for me har ikkje noko særleg å samanlikna med. Destinasjon Bjerkreim er eit heilt anna produkt, som det blir brukt mykje meir ressursar på, enn tidlegare marknadsføringskanalar, for eksempel det som heitte Opplev Bjerkreim. Det er eigentleg nybrottsarbeid Bjerkreim driv med. Kommunen har blitt kontakta av andre kommunar som ser at satsinga er ein suksess både med tanke på å profilera kommunen som turistdestinasjon, skapa stoltheit internt i kommunen, bulyst og etableringslyst, og å vera eit utstillingsvindauge for lokalt næringsliv, seier Bent Hansen.
Gullsmeden, kaffibrennaren, cowboyen og hudpleiaren er med
Talet på medlemmer i Destinasjon Bjerkreim har auka jamt og trutt sidan oppstarten. I dag er medlemstalet 24.

– For å vera medlem må du driva med næringsaktivitet innan reiseliv og opplevingar, lokalmat og -drikke, eller næringar knytt opp mot dette. Destinasjon Bjerkreim er eit lågterskeltilbod som gjer medlemmene synlege og gir dei ein arena for samarbeid og utvikling. Mykje av potensialet handlar om å snakka saman og skapa synergiar, seier Bent Hansen.
Dette er Destinasjon Bjerkreim sine medlemmer i dag:
- Nyyyt
- Veen Gard
- Versland Gard
- Eldhuset
- Bjerkreim Trelast
- Myrill Design
- Fotografen Han med hatten
- Hustoft hytteutleie
- M/K "Ørsdølen"
- Stavtjørn Alpin
- Stavtjørn Vintercamping
- Arvid Mæland
- Vikeså Veiservice
- Coop Vikeså
- Søstra til Morten
- Bjerkreimsmarken
- Fladene Gard
- Gitar og Handverk
- Pittergarden
- Tonjes Hudpleie
- Vikeså Frisør
- Lunden hytter
- Myksvoll Mikrobrenneri
- Byrkjedalstunet

Stadig nye bilde og filmar
Det er TEAL som driftar webportalen for Bjerkreim kommune, i nært samarbeid med kommunen si arbeidsgruppe og medlemmene sjølv.
– Nøkkelen til suksess er å produsera relevant innhald av høg kvalitet, og stadig vera aktuelle med nytt stoff. Me har knytt til oss ein eigen fotograf som leverer både bilde og video. I snitt blir det lagt ut minst to innlegg i veka på Facebook og Instagram, i tillegg til nytt innhald på portalen. Det skal vera kvalitet i alt me gjer, slår Hansen fast.

7.-8. mars arrangerer Destinasjon Bjerkreim, Rogaland fylkeskommune og Bjerkreim kommune todagars moglegheitskonferanse på Byrkjedalstunet. Bent Hansen kallar konferansen eit stort løft og ei unik moglegheit for alle som ber på ein idé som kanskje kan utviklast til ei stor eller lita næring innan landbruksbasert reiseliv eller lokalmatproduksjon.
– Me har reservert alle 30 romma på Byrkjedalstunet. Kommunen og fylkeskommunen tar brorparten av kostnadene, så dette er eit veldig godt tilbod til alle som har lyst å starta opp med noko eller syslar med eit prosjekt, men som kanskje manglar nettverk og ikkje veit heilt kven dei skal snakka med og korleis dei skal gå fram. Konferansedeltakarane vil få tips og råd og ikkje minst inspirasjon og nyttige kontaktar, seier Bent Hansen.


