Det seier eigar Hallvard Viken ved Audhild Viken AS på Skei til Firda, kort tid etter at næringsminister Jan Christian Vestre (Ap) svarte stortingsrepresentant Alfred Bjørlo (V) på om regjeringa vil forby såkalla returprovisjonsavtalar; avtalar turguidane inngår med butikkar og serveringsstader om å sende turistane dit, mot at dei får ein del av omsetninga som turistane legg att.

Firda skreiv førre tysdag om at både Viken og Bjørlo meiner slike returprovisjonsavtalar er problematiske; dei er til hinder for konkurransen.

Ministeren sitt svar er kort fortalt at han ikkje kjem til å forby det. I alle fall ikkje med det første.

Har laga brosjyre

– Praksisen med returprovisjonar kan bidra til å svekke konkurransen mellom turistbutikkar, byrjar ministeren i svaret sitt til Bjørlo.

Men det er så langt mot eit eventuelt totalforbod han er villig til å gå.

Vestre legg til at Nærings- og fiskeridepartementet har utarbeidd ei informasjonsbrosjyre.

I denne får turguidar og næringsaktørar ei oversikt over føresegnene som dei må ta omsyn til, om dei vil inngå returprovisjonsavtalar som ikkje bryt med konkurranselova eller blir å rekne som korrupsjon.

Slike avtalar kan nemleg vere ulovlege, om dei blir konkurransevridande. Det er heller ikkje lov å skjule overfor kundane sine korleis produkta blir marknadsførte, legg ministeren til.

Er det eit problem?

Men så spør ministeren seg kor stort problem returprovisjonsavtalar eigentleg er:

– Praksisen vert ikkje oppfatta å vere ei særleg stor utfordring generelt eller i heile landet, men heller ein utfordring enkelte plassar, og det var heller ikkje alle på same stad som meinte at praksisen var eit problem. Eg tek utgangspunkt i at alle som driv forretning i Noreg overheld norske lovar og reglar, poengterer Vestre og avsluttar med at dersom det blir oppdaga at nokon bryt reglar, må det meldast inn til politiet.

Les heile svaret frå ministeren her.

Før sommaren vil han legge fram ein handlingsplan for reiselivet. Returprovisjonar er eitt av temaa.

Viken berre ristar på hovudet av svaret.

– Siste ordet her kan ikkje vere sagt, sjølv om ministeren vil forskyve dette til sommaren, seier Viken.

Tøffare konkurransepolitikk

Det same seier Bjørlo.

– Eg og Venstre kjem til å forfølge denne saka vidare.

For Bjørlo har ikkje så veldig mykje til overs for svaret frå ministeren.

– Det der var slappe greier. Det blir nesten komisk å argumentere med at det ikkje er alle som ser på praksisen som problematisk, det er det som er problemet. Om nokon synest det er fint fordi dei får ein fordel av det, og andre ikkje, er det uansett eit problem for forbrukaren – kundane. Det er dei dette går ut over, seier Bjørlo og viser til eit liknande problem i varehandelen.

I daglegvarebransjen har ein lenge sett kritisk søkelys på avtalar som sikrar eksklusivitet i butikkhyllene, altså at produsentane betaler for ein betre hylleplass i butikkane. Det blir det kjempa imot, fordi det går ut over kundane.

– Vi treng ein tøffare konkurransepolitikk i Norge, seier Bjørlo.