Kvart einaste år kjem det rundt 1,5 millionar turistar til vesle Flåm i Aurland. Og mange av dei kjem med cruise.

Men no spøkar det for cruiseturismen.

Flåm og fleire andre cruisedestinasjonar har difor fått det travelt med å omstille seg.

Dette er nokre av tiltaka:

  • Landstraumanlegg
  • Lading for personbilar
  • Hurtiglading for bussar
  • Ladeløysing eller hydrogenfylling for RIB-båtar
  • Lading i hamn til fritidsbåtar
  • Solcelleanlegg

Neste veke blir rapporten overlevert til klima- og miljøminister Espen Barth Eide (Ap).

IicphtDxRJ0

Det kjem rundt 1,5 millionar turistar til vesle Flåm i Aurland kvart einaste år. Mange kjem med cruisebåtar.

FOTO: SARA JOHANNESSEN MEEK / NTB

– Vi får ikkje alt over på null innan 2030

– Dette er eigentleg ei heilelektrifisering av Flåm, seier Tor Mikkel Tokvam i Aurland hamnestell.

Ifølgje rapporten har forslaga potensial til å kutte utsleppa med over 30.000 tonn CO₂.

Nær 12.000 tonn vil vere lokale kutt i

og innanfor Aurland kommune.

– Vi er ikkje der at vi får alt over på null innan 2030. Men om vi ser på alle sektorar, klarer vi å ta ned utsleppa tilsvarande tre gonger det vi har på fjorden, seier Tokvam.

De flyttar kutta frå sjø til både sjø og land?

– Ja, vi hevar blikket frå eit einsidig spor mot ferje- og passasjertrafikk på fjorden til at vi ser dette på tvers av fleire sektorar.

Tor Mikkel Tokvam, havnesjef, Flåm/Aurland

Hamnesjef Tor Mikkel Tokvam seier at rapporten hevar blikket frå eit einsidig spor mot ferje- og passasjertrafikk på fjorden til at ein ser på dette på tvers av sektorar.

FOTO: OLE ANDRE REKKEDAL / NRK

Sjøfartsdirektoratet foreslo å bruke biogass på cruiseskip

Ein rapport Menon utarbeidde for Sjøfartsdirektoratet viste at CO2-utsleppa i Noreg i liten grad blir reduserte av nullutsleppskravet.

Sjøfartsdirektoratet ville først utsette utsleppskravet. Men i januar i år foreslo direktoratet å bruke biogass på cruiseskip i ein overgangsperiode fram til 2035.

Aurland-ordførar Trygve Skjerdal (Sp) kallar rapporten for eit alternativ til reglane som er under utarbeiding.

Han seier nullutsleppskravet er utfordrande.

– Vi meiner dette er eit alternativ som tek innover seg både miljøspørsmål, arbeidsplassar og alt som betyr noko for lokalsamfunnet på ein langt betre måte, seier Skjerdal.

Ordfører Aurland, Trygve Skjerdal (Sp).

Aurland-ordførar Trygve Skjerdal (Sp) kallar rapporten for eit alternativ til reglane som er under utarbeiding av Sjøfartsdirektoratet.

FOTO: VALENTINA BAISOTTI / NRK

– Kombinerer omsyn til miljø og reiseliv

Forslaget er berekna å koste 400 millionar kroner:

100 millionar kroner i landstraumanlegg og 300 millionar kroner for andre tiltak.

Erling Sande (Sp), leiar for transport- og kommunikasjonskomiteen på Stortinget, meiner rapporten sit på svaret til korleis ein kan kombinere omsynet til miljø og reiselivet, samtidig.

– Kan det bli finansiering for desse løysingane?

– Føresetnaden er at det kjem skip som bruker landstraumanlegget. Med forbod mot skipa, så blir det også vanskeleg med finansiering. Så her heng ting nøye saman.

Les også:Innførte strenge reglar – likevel kjem cruiseskip frå 80-talet til norske fjordar i år

Undredal

Ove Trellevik (H) seier han forventar at regjeringa lagar ein konkret handlingsplan som viser korleis ein skal kome i mål med landstraum.

Partifelle Liv Kari Eskeland meiner løysingane er overførbare til andre fjordar og kystbyar, også utanfor Noreg:

– Vi kan selje ideen ut i verda, og det er jo det vi verkeleg ønskjer.

b9btVKf9AS0

Solcelleanlegg og ladestasjonar for bilar, bussar og fritidsbåtar er blant tiltaka som er foreslegne for at cruiseturismen skal overleve i verdsarvfjordane.

FOTO: SARA JOHANNESSEN MEEK / NTB