– Vi meiner at saksbehandlinga har vore mangelfull. Vårt ønske var at saka blei sendt tilbake til kommunedirektøren.

Det seier Ynge Kristiansen i Nordkapp SV.

SV og Senterpartiets tre medlemmer stemte imot kommunedirektørens forslag om å gi Scandic medhald. Fleirtalet på fire i Ap og Høgre stemte for.

Sjølv om formannskapet no har sagt ja, er det ikkje avgjort. Saka skal til endeleg behandling i kommunestyret 23. mai.

Men også her vil det truleg vere politisk fleirtal for eit ja til Scandic. Posisjonen støtter eit slikt løyve.