Eit melisdryss på fjelltoppane rundt Balestrand røper at turistsesongen har gått mot slutten, og på Veganeset camping tek eigar og drivar i mot avisa i føremiddagssola. 

For første gong på lenge har han tid til å driva med andre ting enn å vaska, ta i mot gjester og vera turistvert.

Det har vore ein travel sommar.

– Frå 1. mai til 1. oktober har me registrert 3339 einingsdøgn, og reknar me då 2,2 menneske per eining, er me oppe i 7345.

Campingeigaren går nøkternt gjennom tala han har notert seg ned frå SSB.

– No les du berre opp mange tal. Men er det gode tal for deg?

– Å, ja. Det har vore ein god sommar. Mot alle odds, smiler han.

Følgjer med i tida

For når Harald seier at det har vore ein god sommar, er det langt ifrå vêret og temperaturane han meiner. Sjølv oppsummerer han sommaren slik: «pisseregn, vått og kaldt».

Men likevel har turistane dumpa innom. Nesten kvar einaste dag. 

– Eg har forundra meg litt over det. På hyttene me leiger ut har det vore mykje folk. Eg trur kanskje det har med at me har kome på booking.com.

Han jobbar med å følgje tida, og har merka stor suksess med å vera til stades på både nett og app.

Når det gjeld bubilturistar, trur han at det har med at dei er åleine om det. 

Veganeset camping er nemleg den einaste campinga i Balestrand. 

Det er litt av grunnen til at han framleis held på. Men det skal me koma tilbake til seinare.

Byrja med myr, sump og mygg

Det var far og mor til Harald som tok i mot dei første gjestane på campinga, då dei opna i 1960. Faren er oppvaksen på Tjugum, som yngstemann i syskenflokken. Eldstebror fekk garden, medan bestemor ynskte at yngstemann også skulle få noko. 

– Då fekk han dette stykket her, fortel Harald, og peiker utover campinga som utgjer om lag 10 mål ute på neset.

På den tida bestod området av myr, sump og mygg. Første året var campinga på den vesle grusflekken som i dag vert brukt til parkeringsplass, og overnattingsmoglegheitene var i eit lite skur utan innlagd vatn og med syredo.

Slik byrja det heile. Og Harald har vore med heilt sidan han var liten gutunge. 

Kneika

I 1991 tok han og kona Kari over. Han fekk sett opp nytt sanitæranlegg, og har jobba mykje med å drenera og etablera nye plassar.

Harald har jobba som snikkar på vinterstid, men kvar sommar har campinga vore hovudfokuset. 

Men det har ikkje alltid vore like enkelt å kombinera, vedgår han. Det er sommarstid det er mest snikkarjobb.

Dei siste åra har 66-åringen hatt campingplassen som hovudjobb, heile året. 

– Det vart ei gradvis nedtrapping. Først kom korona, og så vart kona sjuk. Då vart alt litt vanskeleg. Etter korona har eg vore heime.

Kari fekk slag, og måtte etter kvart flytta på helsetunet, og Harald vart åleine med campingplassen. Han passar på å besøkja henne kvar dag, så sant han får tid til det. 

Kome for å bli

Bubilturismen i Noreg har teke seg kraftig opp dei siste åra, og campingeigaren har lite tru på at veksten kjem til å stoppa med det første. 

– Me kan ikkje hissa oss opp over at bubilar stiller seg langs vegane våre, dersom me ikkje har eit anna tilbod til dei, meiner Harald. 

Han har lagt godt til rette for at turistveksten skal koma, og har etablert fleire parkeringar rett ved fjorden, med tilgang til både straum og sanitæranlegg. 

Nesten alle som er innom, ynskjer å stå der. Nokre har til og med stilt seg i kø, og teke til takke med ein anna plass i nokre netter, fram til utsiktsparkeringane ved fjorden har vorte ledige. 

Han smiler, og fortel at han har ein viss mistanke om kvifor desse er så populære.

– Folk vil ha utsikt, og folk vil ha sjø. Det er første spørsmålet folk har når dei kjem her. Om eg har plass, og om eg har plass ved sjøen. Har eg begge, er det avgjort.

I fjor fekk campingplassen attpåtil ros i avisa The Guardian: 

«Spectacular views from a Norwegian fjord» var tittelen på omtala. 

Likar å ha noko å gjera

Sesongen med gjestar strekkjer seg frå starten av mai, til slutten av september. Harald går nok ikkje tom for arbeid og planar med det første, sjølv om hausten er komen.

– Eg er skrudd saman slik at eg likar å ha noko å gjera på, forklarer han. 

Det er det ingen tvil om. Støvet har så vidt lagt seg etter ein travel sommarsesong, og 66-åringen er allereie i gang med det neste. 

I løpet av vinteren skal han få restaurert ei av hyttene på campinga. Treverket han brukar, kjem frå eigen skog i Esefjorden. 

– Alt eg gjer sjølv slepp eg å betala for, i alle fall, ler han, sjølv om han er klar over at ting tek litt lengre tid. 

For lite kapasitet

Sjølv om 66-åringen ikkje ser for seg å slutta som drivar med det første, har han byrja å tenkja på framtida til campinga. 

Den dagen han sjølv gir seg, håper han at nokon andre vil ta drifta vidare. Fram til då er målet hans å byggja opp plassen, slik at den som eventuelt tek over, kan leva av drifta.

Det har likevel ikkje vore rett fram. 

– Me har møtt på litt utfordringar knytt til kommunen, fortel Harald, utan å villa gå altfor djupt inn i materien. 

Eigaren er full av planar for korleis han vil utvikla campingplassen, men papirarbeid har vist seg å vera tungt. Etter ein langdryg prosess med søknadar i retur og mykje justeringar, har han no sendt inn ein søknad om å byggja nytt servicebygg. 

Resepsjonsskuret som no er det første gjestane møter når dei kjem innom, er frå 60-talet. 

– Per no har me litt for lite kapasitet ved full campingplass. Der skal me få på plass dusj, WC og pauserom for tilsette

Jobben er langt ifrå ein vanleg 9 til 4 jobb. 

– Det er alltid noko som må gjerast, vedgår Harald, som reknar med at han er i aktivitet frå åtte om morgonen, til over midnatt om kvelden kvar dag. 

– Likar du eigentleg å slappa av?

– Nei ... Eg blir så uroleg, ler han.

Bør ha tilbodet

Før pandemien braut ut, var det tre campingplassar i Balestrand. Då var det konkurranse om turistane.

– Det har vore eit slit, for å seia det rett ut, seier Harald, som lenge dreiv av gamal vane.

Men då Veganeset vart einaste campinga i nærleiken, innsåg han at det kunne vera god butikk i det. Og det viste seg å stemma. Etter nokre trå år, har omsetninga teke seg opp betrakteleg. 

Dei siste par åra har vore svært gode, og utan å ville røpa beløpet kan han i alle fall stadfesta at årets rekneskap kjem til å bli godt.

Vidare drift står og feller i stor grad på om kommunen seier ja til nytt servicebygg. Det er han heilt avhengig av, meiner Harald. 

– Me må følgja tida. Me kan ikkje halda fram slik me alltid har gjort, slår han fast.

For ein ting er sikkert, meiner han: 

– Turistkommunen Sogndal og turistbygda Balestrand bør ha ein open campingplass i området, slår han fast.