306 overnattingsstader dukkar opp i Gdansk i Polen når Idar Sundal Rangsæter søker på ei tilfeldig vald helg.
Når han hukar av for «LHBTQ-vennleg», går talet frå 306 til null.
– Det er sjukt, seier han litt sjokkert.
Han har ikkje ferieplanane klare heilt endå, men har nokre tankar om kvar han ikkje vil reisa.
«Gay tourism» legg til rette for trygge reiser for skeive. Kan det vera ei redning at også resten av reiselivet koplar seg på dette?
Skeive turistar til homofiendtlege land
– Enkelte land unngår eg bevisst fordi eg ikkje føler meg trygg, fortel Rangsæter.
Han understrekar at han ikkje veit kva som ligg bak funksjonen til Hotels.com, og dermed ikkje stolar heilt på han endå.
Likevel synest han det er ein trist indikator når tilsynelatande ingen av hotella i Gdansk dukkar opp på nettstaden under kategorien «LHBTQ-vennleg».
– Det er litt overraskande, samstundes er det ei fin avklaring på kvar eg ikkje skal ta turen, seier han.
Fleire land i Europa har dårlege kår for skeive. LHBTQ-organisasjonen ILGA Europe kåra nyleg Polen til det landet i EU med dårlegast rettar for fjerde år på rad.
– Eg ønsker ikkje å legga igjen pengar i land som ikkje støttar for eksempel homofile eller transpersonar, seier Rangsæter.
På verdsbasis er homofili kriminalisert i 64 land, ifølge Amnesty. Eitt av dei er Kenya, der ein kan få ei fengselsstraff på opp til 14 år.
No strøymer likevel skeive turistar til fleire av desse landa, melder New York Times, fordi at reiselivsaktørar frå LHBTQ-samfunnet legg til rette.
«Gay tourism» har eksistert lenge, kanskje mest som ein nisjemarknad.
No har òg bestillingsnettstaden Hotels.com lagt til funksjonen som kanskje legg betre til rette for skeive turistar.
På spørsmål om korleis funksjonen er utvikla, skriv Hotels.com i ein e-post til NRK at partnarane kan inngå ein «Pledge of Inclusion», eller ein lovnad om inkludering for å bli klassifiserte som LHBTQ-hotell, og skriv vidare at:
«Dette er eit eksklusivt produkt for å finna hotell som står imot diskriminering basert på gjestene sitt kjønn og seksuelle legning. Me har òg hjelpeartiklar partnarane våre kan bruka om korleis å ønska gjestene velkomne».
Funksjonen kan vera nyttig for mange skeive reisande, meiner internasjonal koordinator Stein Runar Østigaard i Oslo pride.
– Det er kanskje ikkje så opplagt her i Noreg eller Norden der ein eigentleg er trygg på dei fleste hotell. Men det dreier seg ikkje berre om å vera trygg og ikkje møta diskriminering, men også det å komma ein stad som forstår at ein er skeiv utan at ein treng å forklara, seier han.
Tryggande
Situasjonen for skeive sine kår i Europa er kompleks. I Aust-Europa viser ILGA-rapporten at mange av innbyggarane ikkje er einige med landets offisielle LHBT-politikk, skriv Blikk.
Samstundes aukar hatytringar og anti-LHBT-haldningar i heile Europa, skriv magasinet.
Også i Noreg har negativ omtale av skeive auka kraftig på Facebook og Twitter, ifølge ein rapport frå Amnesty og Fri.
Rangsæter er positiv til idéen om å kunna kryssa av for LHBTQ-vennlege hotell, dersom han er påliteleg.
– Når me ser aukinga i trugslar og hatkriminalitet, hadde eg nok sjølv følt meg meir trygg. Iallfall om eg visste at det var ein utvikla funksjon og at det faktisk var reelt, og det kan jo henda at han er.
Bestillingssida opplyser at meir enn 40.000 hotell har inngått dette løftet for å bli klassifiserte som LHBTQ-vennlege.
På spørsmål om motivasjonen er å tena pengar, skriv dei at:
«Hotels.com er på eit oppdrag mot å mogleggjera global reise for alle over alt, fordi me trur på at reising er ei kraft for det gode. Derfor er me dedikerte til å kopla saman reisande på måtar som inkluderer alle etnisitetar, fargar, nasjonalitetar, aldrar, funksjonsvariasjonar, seksuelle legningar eller kjønnsidentitetar».
– Dei har vel sett at dette har kommersiell interesse. Når det går saman med interessene våre for å sikra oss ei trygg overnatting, er det praktisk, seier Østigaard i Oslo pride.
Viktig at reiselivet tar grep
Under Oslo pride, møter NRK fleire internasjonale debattdeltakarar og føredragshaldarar. Dei fortel at kontrastane er store når dei kjem til Oslo kontra heimlandet deira.
– I Romania er ikkje LHBTQ-vennlege hotell noko me ein gong tenker på, for me er så langt vekke frå det stadiet. Det er framleis utfordrande å visa regnbogeflagg på gata. Då eg kom her (til Oslo journ.merk.) var det flagg over alt, og eg tenkte «wow», fortel George Ionesi frå den romanske organisasjonen «MozaiQ».
– Me er alle frå land der det ikkje er så vanleg å ha LHBTQ-vennlege hotell offisielt. Eg er frå Polen, og me veit at nokre hotell er vennlege, og spreiar dermed ordet, seier aktivisten Magda Dropek.
Både Dropek og Ionesi meiner det er svært viktig at heile reiselivet bidrar til at skeive skal få kunna reisa trygt rundt omkring.
– Slik at LHBTQ-samfunnet føler seg velkomne og trygge, spesielt i homofobiske og transfobiske samfunn.

