Hotel Waterfront ligg heilt ved sjøkanten i Ålesund, med fantastisk utsikt over fjord og sunnmørsfjell. Men mange hotellgjester har sett rett inn i skutesida til eit cruiseskip dei siste åra.

Nyleg gjekk hotelleigarane til retten og kravde at skipa må flyttast.

Men dei får ikkje medhald i Møre og Romsdal tingrett:

«Retten finner at fortøyningspraksisen er i samsvar med det som er avtalt mellom partene, og at den heller ikke er i strid med naboloven § 2. Strandgaten Brygge AS får dermed ikke medhold i sin prinsipale eller subsidiære påstand og havnevesenet frifinnes derfor».

I tillegg må dei betale 650 000 kroner i sakskostnader.

Advokat Andreas Stang Lund, som representerer hotell-eigarane ønskjer ikkje å kommentere saka måndag.

Klagar på utsikten

Dei tilsette på hotellet seier fleire gjester er misfornøgde med å få utsikta sperra, og ber om prisavslag.

Hotelldirektør Aina Aalen Bjerkvik fortalte nyleg til NRK at det ikkje er kjekt å måtte informere gjestene om turistskipa som er venta inn på brygga framfor hotellet.

No slår retten fast at dette må dei tåle:

«Etter rettens vurdering har Strandgaten Brygge AS med åpne øyne gått til anskaffelse av en eiendom i nærheten av en viktig anløpshavn for skip, herunder cruiseskip, i sentrum av en havneby, og Strandgaten Brygge AS må da selv være nærmest til å bære risikoen for de følger naboskapet medfører.»

Hotelldirektøren er ikkje glad for avgjerda i Møre og Romsdal tingrett.

– Det er skuffande, sjølvsagt er det skuffande, seier ho.

Avviser problemstillinga

Hamnefogden i Ålesund, Ole Christian Fiskaa, er enig i at det har blitt fleire skip, men avviser at dei har blitt større. Han meiner hotelleigarane må akseptere at turistskipa legg til kai like ved, når dei etablerer hotell ved hamna.

Han er ikkje glad for at saka hamna i rettsvesenet, og seier dei baserer seg på ein gamal avtale.

Dette har dei fått fullt medhald i, i retten.

– Hamnevesenet er godt fornøgd med å få medhald i at dette er korrekt vurdert og at dei offentlege hamneinteressene blir vekta slik dei blir her, seier advokat Nils Grytten.

Landets best besøkte hamn

Ingen andre hamner i landet tek imot så mange cruisepassasjerarar som Ålesund. I fjor kom 283 skip til byen. I sommarhalvåret ligg skipa i kø bortover hamnene.

Alt tyder på at det blir sett ny turistrekord i år.

Dei som bur på hotellet ved sjøkanten må no akseptere at dei ser meir enn fjord og fjell framfor vindauga.

Det er ein månads ankefrist, og dommen er førebels ikkje rettskraftig.