Han har førebudd hotellet sitt i fleire månadar. Hotelldirektør og leiar for hotellforeininga, Manolis Giannoulis, gler seg over at han fekk lov til å opne hotellet sitt Cavo Spada i Chania, Kreta for tre dagar sidan. Og enda gladare blir han når NRK fortel at norske styresmakter har gjeve Hellas status som grønt land:

– Eg saknar nordmenn veldig mykje. Vi har veldig nære band til Noreg og vi har mange nordmenn som kjem hit år etter år. Eg håpar at situasjonen vil bli betre slik at dei kan få ein perfekt ferie!

Vanlegvis er det rundt 130.000 norske gjestar i Chania på Kreta om sumaren, men pandemien sette ein brutal stoppar for dette.

Krav for å unngå smitte

Giannoulis fortel at han og alle i turistnæringa vil gjere alt dei kan for å gjere ferien så trygg som råd.

– Sjukehusa både offentlege og private er i beredskap om det verste skulle skje, men rundt 90 % av dei som jobbar på hotella i området er vaksinerte, og dei uvaksinerte blir testa to gangar i veka.

Les: Fra mandag farges store deler av Europa grønt

Les: Dette kan stoppe reisen selv om du har koronapass

Det er krav om bruk av munnbind innandørs, og hotellnæringa understrekar at dei legg stor vekt på å desinfisere alle hotellrom og fellesareal.

Nye reglar frå midnatt

Frå midnatt kom det nye reglar for karantene og innreiserestriksjonar. Det gjorde at ei rekke land, blant dei Hellas, blei grøne. Det vil seie at ein slepp karantene når ein kjem til Noreg.

Men sjølv om det no blir lettare å reise på sommarferie, oppfordrar helsestyresmaktene dei som skal ut og reise om å sette seg godt inn i kva innreisereglar som gjeld for landet ein reiser til.

På Gardermoen gjer eit førtitals norske turistar seg klar til å reise med Norwgian sitt direktefly til Chania.

– Etter eit år på heimekontor og ferie i Noreg var det på tide å reise. No treng vi sol og sommar, no treng vi livet ved stranda, fortel Geir O. Harnes og Anja Hegg til NRK.

Dei er begge fullvaksinerte, og kjenner seg trygge når dei endeleg skal ut på tur.

– Eg tenker det ikkje blir noko stort problem. Dei fleste som jobbar i gresk turistindustri er også vaksinerte. Så eg tenker det er trygt og godt, og sikkert å reise.