– Vi tenkte: Fader heller. Slikt passar aldri, med mindre ein bestemmer seg for å gjere det, seier TV-profilen Brede Aase frå Førde.

Han og kona har lagt bak seg nokre krevjande år prega av sjukdom og usikkerheit, etter at Fellman fekk påvist brystkreft i 2021 og tilbakefall under graviditet to år seinare.

Då ho hadde fullført behandlinga i fjor og livet hadde begynt å bli lysare igjen, begynte ein gammal draum å blusse opp. På sin første ferietur ilag – i Hellas i 2013 – hadde nemleg Brede Aase og Fellman snakka om å drive «Bed and breakfast» der nede.

– Draumar forblir ofte berre draumar. No tenkte vi «fader heller», seier Brede Aase.

NRK har også omtalt saka.

Vil drive hotellet i skuleferien

For tida er ekteparet i full gang med å leite etter eit passande hotell, som dei skildrar som ein byråkratisk krevjande prosess. Både sparepengar og ekstra bustadlån skal finansiere prosjektet.

– Vi ser for oss å bruke eit år på å pusse opp og gjere det som trengst. På sikt er planen at vi kan drive hotellet i skuleferien, og så må vi finne eit perfekt menneske til å drive resten av året, seier førdianaren.

Både han og Fellman er frilansarar, og har dermed fleksibilitet til å tilpasse jobben etter prosjektet – og jobbe frå Hellas om nødvendig.

– Vi må nok bygge eit slags radiokott der nede, humrar Brede Aase.

– Kan de gresk?

– På ingen måte. Men eg er veldig takknemleg for at Chat GPT finst, seier han.

Kjem på skjermen

Hotelleventyret eller – fiaskoen, alt ettersom korleis det går, blir det TV-underhaldning av. Ein venn av ekteparet insisterte på å få lage TV-program om prosjektet då han fekk høyre idéen, og NRK har gitt tommel opp.

– Men dette er vårt prosjekt og vår risiko. Det er vi som har tatt opp ekstra huslån og tømmer sparekontoen fullstendig, medan dei ser på. Det blir spennande. Vi får berre håpe det går bra, seier Brede Aase.

– Har de blitt uredde etter sjukdomsperioden i familien?

– Eg trur nok det. Vi har fått ei «kva er det verste som kan skje-haldning». Det verste som kan skje er at vi taper pengar og ansikt. Det kan vi leve heilt fint med.

– Eg har ei kjensle av at vi kan få til alt vi vil. Så får vi sjå om dette blir gongen det ikkje stemmer, seier Brede Aase.