Airbnb har vakse eksplosivt i Nord-Noreg. Særleg Tromsø og Lofoten aukar det mykje
Til saman omsette Airbnb-utleige for 1 milliard kroner i 2024 berre i dei to regionane.
Det gjer Airbnb til ein av dei største aktørane i overnattingsmarknaden – på nivå med hotellnæringa.
– Kjekt å tene litt pengar
Veksten gir kjærkomne inntekter til private utleigarar som til dømes Lisbeth Dahløf i Lofoten. Ho har leigd ut ei leilegheit i huset sitt i 10 år.
Ideen kom etter at niesa hennar lufta planar om å leige ut si leilegheit. Timar etter at leilegheita til Lisbeth var lagt ut på Airbnb, kom bestillingane rasande inn.
Det passa godt for Dahløf, som like før hadde blitt pensjonist, og trong noko å henge fingrane i.
– Det var òg kjekt å tene litt pengar. Då kunne vi også reise litt.
No tener ho mellom 150.000 og 200.000 før skatt på å leige ut. For inntekta skattar ho 22 prosent.
– I begynninga betalte vi ikkje skatt. Det kom først etter eit par år. Men det synest eg er heilt ok.
— Kva synest du om at Airbnb har vekse så mykje dei siste åra?
– Det er tydelegvis eit behov. Det er utruleg mykje no. Det kan kanskje bli for mykje.
Særleg om sommaren er det veldig mykje turistar i Lofoten, men òg på vinteren begynner det å kome fleire, fortel Dahløf.
Ifølge ein rapport frå NHO Reiseliv var det i 2018 registrert 290.000 hotellovernattingar i Lofoten og Vesterålen. I tillegg kjem overnattingar via Airbnb og andre plattformer.
Kommunane tener mykje
Kommunane kan òg gni seg i hendene.
Lofoten er staden i Nord-Noreg med mest turistar om sommaren. Men det er Tromsø som tronar øvst på pallen om vinteren.
Ifølge NHO Reiseliv er det registrert 290.000 hotellovernattingar i Lofoten og Vesterålen på sommaren. Då er 90 prosent av hotellromma booka. Airbnb og andre utleigetenester kjem i tillegg.
I Tromsø utgjer skatten frå Airbnb-inntekter om lag 2,3 prosent av dei totale skatteinntektene til kommunen.
Tal frå Sparebank 1 Nord-Norge viser at det i januar var over 3000 unike bueiningar i Tromsø som var booka via Airbnb.
Trond Øverås i Nord-norsk reiseliv seier han er overraska over kor raskt Airbnb har vakse i Nord-Noreg
Han meiner det er eit resultat av utviklinga innan reiselivet i nord. Han peikar på to område som skil seg spesielt ut.
Den aukande aktiviteten er eit svar på trendane dei ser i marknaden meiner han.
– Vi veit at dette er attraktive internasjonale reisemål. Det handlar også om auka kapasitet inn til reisemåla, som til dømes direktefly frå utlandet, seier han.
– Kvifor er det så stor forskjell på Airbnb i Bodø og Tromsø?
– Tromsø har hatt eit sterkt fokus på vinterturisme og utvikling, medan Bodø først no har fått dette fokuset. Bodø har absolutt eit potensial.
Har ført til utfordringar
Samstundes skaper utviklinga utfordringar: Leigemarknaden blir stramma inn, bustadprisane blir pressa opp, og studentar og låginntektsgrupper slit med å finne bustad.
Fleire kommunar ønsker turistskatt og strengare reguleringar for å handtere veksten.
Øverås i Nord-norsk reiseliv peiker på at det er like konkurransevilkår for Airbnb samanlikna med den kommersielle overnattingsnæringa.
Han meiner det er viktig å vere medviten om denne utviklinga for å sikre at ho blir kontrollert.
– Men ser vi på høgsesongmånadene, ser det ikkje no ut til at veksten i Airbnb har gått utover hotellnæringa.
Lisbeth Dahløf i Lofoten leiger ut rom i sitt eiget hus. Ho hadde ikkje vore komfortabel med å kjøpe eit hus for å leige det ut.
– Det er ikkje min stil. Det er eg imot. Men om ein har litt ekstra rom er det ein god måte å tene litt ekstra pengar, og kanskje òg bli kjent med nokon nye folk.
– Det er nokon som er kritiske til korttidsutleige generelt. Kva har du å seie til dei?
– Er einig i at det burde finst meir plass for studentar, men eg hadde ikkje leigd ut til dei uansett, fortel ho.
Dahløf har barnebarn som i blant bruker leilegheita. Då passar det ikkje at nokon leiger. Med Airbnb kan ho lett bestemme det i kalenderen.
– Men eg kan forstå frustrasjonen for dei som leiter etter ein stad å bu eller leige lengre.

