Ei svak krone gjer det dyrare for nordmenn å feriera i utlandet og samstundes billegare for utanlandske turistar i Noreg.
Tal henta frå Benchmarking Alliance og E24 , viser at dei fire store hotellbyane i landet har markant større pågang før høgsesongen er i gang i år enn i fjor.
I Bergen er pågangen størst. Byen opplever ein auke i førehandsbookingar på 39 prosent frå fjoråret.
– Eg må presisera at det er litt tid til vi kjem til juli månad, og at mykje kan skje på vegen. Mellom anna skal ein svært betydeleg del av forventa volum bli bestilt i dei nærmaste månadane, seier hotellrådgjevar Peter Wiederstrøm i Wiederstrøm Hotel Consulting til E24.
Dei tre andre største hotellbyane i landet, Oslo, Trondheim og Stavanger, har opplevd ein auke i pågangen på høvesvis 32, 29, og 19 prosent.

