Hordaland har fått tips om ugjerningane, som også er delt på sosiale medium. Politiet på Voss stadfester at dei har fått inn ei melding på forholdet – Det stemmer at hotellet har meldt denne saka til oss. Det var sundag ettermiddag at nokre ungdomar hadde teikna hakekors og andre symbol på asfalten utanfor hotellet, seier politioverbetjent ved Voss politistasjon, Bjørn Inge Aarsand.
Politiet undersøkjer saka
Politiet presiserer at dei ser alvorleg på saka – Det er mindreårige det er snakk om her, men me ser uansett alvorleg på denne typen bruk av slike symbol. Me har starta undersøking i saka, og kjem til å ha oss ein bekymringssamtale med dei det gjeld, seier Aarsand. I eine videoen som er delt kan ein sjå ungdomar som vaskar opp etter seg utanfor hotellet.
– Dette er ikkje greitt i det heile tatt. Å bruka sosiale medier både under og etter ugjerningar, vitnar om at ein ikkje heilt skjønar konsekvensane av det ein gjer, seier Aarsand.
Hotellsjef ved Brakanes hotel, Trine Utne-Bacorn, seier til Hordaland at dette er ei lei sak. – Me er svært skuffa over at hotellet vårt nyleg har vore utsett for hærverk, og det gjer ekstra vondt når me ser at det er lokale ungdomar som står bak. Me ynskjer å vera ein trygg og open møteplass for både gjester og lokalsamfunn, og slike hendingar øydelegg ikkje berre det tillitsforholdet me har bygd opp, men også for andre i bygda som ikkje har noko med dette å gjera, seier Utne-Bacorn.
Ho fortel elles at dei samarbeider tett med politiet.
– Me håpar dette kan vera ein vekkjar for alle involverte – no må foreldre og føresette ta ansvar og gripa inn før dette får større konsekvensar, seier hotellsjefen.
Retting: I ein tidlegare versjon av denne artikkelen stod det at gjerningspersonane sjølve delte video av hakekorset i sosiale medium, men det er ikkje dekning for å hevda at personen som la ut videoen var med og teikna hakekorset. Opplysninga vart korrigert måndag 25. august kl 15.35.

