– Ein kan byrje å lure på om dei veit kven Ivar Aasen var i det heile teke. Eg forstår ikkje at dette går an, seier Runar Gudnason.

Mannen, som er kjend frå rapgruppa Side Brok, sit for tida og gjendiktar ein musikal for Det Norske Teatret til nynorsk. Han tek gjerne pause frå arbeidet for å utdjupe kritikken han har lufta i lokalavisa Møre-Nytt over manglande nynorskbruk frå hotellet i Ivar Aasen si heimbygd.

For hotellet i Ørsta sentrum, som er oppkalla etter nynorsken sin far, brukar ikkje nynorsk gjennomgåande på nettsidene sine.

– Og viss ein går inn på hotellet for å få seg mat så står heile menyen på bokmål, seier Gudnason.

– Men dei bruker jo litt nynorsk. Er ikkje det godt nok?

– Nei. Ikkje når du heiter Ivar Aasen, seier han.

– Kan ikkje utnytte merkevara og ikkje bruke nynorsk

Runar Gudnason har alltid vore oppteken av språk. Han brenn for nynorsken og seier sjølv at det er av den enkle grunn at det er det han har lært og er oppvaksen med.

I tillegg har det nok påverka Gudnason at han er fjern slektning av Ivar Aasen.

– Eg har vakse opp i ein heim der den nynorske arven har vore viktig.

Etter at han uttrykte frustrasjon over at hotellet ikkje brukar nynorsk i lokalavisa har han fått fleire tilbakemeldingar.

– Det er mange som har sagt at dei har tenkt på det same.

Han meiner det er opplagt at ein ikkje kan utnytte Ivar Aasen som ei merkevare og ikkje bruke nynorsk.

– Eg synest det er frekt og pinleg.

Gudnason meiner også at fleire aktørar i reiselivet på Sunnmøre kunne ha tent på å bruke meir nynorsk.

– Men ok, viss dei vil bruke bokmål så er det greitt. Men då kallar du ikkje hotellet ditt Ivar Aasen.