Kontrollørane frå skjenkekontrollen kom til Kinsarvik Fjordhotell den 15. mai 2026. Klokka 18.35 observerte ein av kontrollørane ein plakat på ventestasjonen i restaurantdelen. Plakaten viste eit bilde av ei vinflaske og namnet på eitt enkelt vinprodukt som dagens anbefaling.
Kontrollørane informerte den ansvarlege for skjenkeløyvet om brotet, og plakaten vart fjerna med ein gong.
Brot på reklameforbodet
Ullensvang kommune vurderer at dette er eit brot på alkoholforskrifta § 14–1. I vedtaket heiter det at «alkohol ikkje skal vera framheva, og at enkeltprodukt ikkje skal framhevast i forhold til andre produkt som vert omsett ved staden.» Vidare blir det vist til at «alkohollova § 9, reklame for alkoholhaldig drikk er forbode.»
Kommunen har ikkje mottatt kommentarar frå Kinsarvik Hotelldrift AS til hendinga, sjølv om dei har fått moglegheit til å uttale seg i ettertid.
Konsekvensar av prikkbelastning
Som følgje av funna får Kinsarvik Hotelldrift AS no ein prikk på skjenkeløyvet sitt. Denne prikken gjeld i to år frå hendinga fann stad 15. mai 2026.
Kommunen understrekar konsekvensane av prikkbelastninga: «Kjem tal prikkar opp i 12 i ei løpande periode på 2 år, vert løyvet inndrege i 1 veke, jf. Forvaltningslova § 16.»
Kinsarvik Fjordhotel skriv i ein e-post at dei tek kommunens vurdering til etterretning.
«Det aktuelle materiellet gjaldt en plakat med omtale av et vinprodukt som var plassert i hotellets lokaler. Da forholdet ble påpekt under skjenkekontrollen, ble plakaten fjernet umiddelbart.
Kinsarvik Fjordhotel, BW Signature Collection har som mål å etterleve alkohollovens bestemmelser og gjeldende regelverk. Vi oppfatter dette som en enkeltstående hendelse uten hensikt om å drive alkoholreklame, og har gjennomgått våre interne rutiner for å sikre at tilsvarende situasjoner ikke oppstår igjen.
Utover dette har vi ingen ytterligere kommentarer til saken», uttaler hotellet til Hardanger Folkeblad.