I Noreg har åtte område skrive seg inn på UNESCO si liste over natur- og kulturarv i verda: bergkunsten i Alta, Bryggen i Bergen, Rjukan-Notodden industriarv, Røros bergstad og Circumferensen, fire punkt på Struves meridianboge, Urnes stavkyrkje, Vegaøyan, saman med dei Vestnorske fjordlandskapa Geirangerfjorden og Nærøyfjorden.

– Vi er alle verdsarvingar. Innskrivingane på lista til UNESCO heng høgt, og dei norske områda står side om side med stader som Notre-Dame i Paris, Taj Mahal i India og Machu Picchu i Peru, kommenterer Hanna Geiran i ei pressemelding frå Riksantikvaren.

Klima- og miljøminister Espen Barth Eide (Ap) er og nøgd med at verdsarven får merksemd.

– Noko av det viktigaste vi gjer for å sikre desse områda er å spreie kunnskap om dei. Det er gledeleg at verdsarvsenteret på Vega no opnar ei utstilling som formidlar kunnskap om verdsarven, og ikkje minst om korleis så mange av landa i verda står saman for å verne han, seier Barth Eide i pressemeldinga.

Utstillinga er produsert på fleire språk og målformer for å nå ut til eit stort publikum og er laga slik at ho kan bli vist på fleire av dei norske verdsarvsentera. No er utstillinga installert to stader: på Vega verdsarvsenter og ved Alta museums Verdensarvsenter for bergkunst.

Creative Technology Norway, Noregs Verdensarv, danske Kvorning Design og islandske Gagarin har hatt ansvar for innhaldet.