No tar hotellplanane utgangspunkt i gjenbruk av gamle Superbgården i Molde, og det skal no bli eit lågare bygg som tar i bruk den gamle stilen og arkitekturen til Superbgården. Superbgården er ein historisk bygård i Molde, som mellom anna lagra heile Noregs gullbehaldning under 2. verdskrig. Ordførar Trygve Grydeland er positiv til dei nye planane, og er stolt av prosessen dei har hatt – At ein investor kan kome utanbys frå, med tankar og idear, og møter litt motstand med at det ikkje er dette befolkninga vil ha, er vi lydhøyre for. Så får vi eit resultat som ser veldig bra ut, og som har tatt opp alle innspel.