Det er eit stort behov for fleire hender i hotell- og restaurantnæringa. Det merkar dei særleg på mindre stader, som bygda Øye med rundt 50 innbyggarar.

Her blant alpine sunnmørsfjell ligg det staselege, historiske Hotel Union Øye.

– Kanskje spesielt no som vi nærmar oss høgsesong er fokuset mitt det som går på rekruttering og personale, seier hotelldirektør Mariann Øye.

Akkurat no manglar hotellet ein kjøkensjef. Derfor lokkar dei med ein einebustad med særleg god plassering

– Eg garanterer at det i alle fall ikkje finst hus med finare utsikt her i bygda, seier Øye.

Tenestebustaden har god plass. Fem soverom og to bad. Hotel Union Øye har også fått bygd eit hybelhus med 19 leilegheiter for dei tilsette, og ein tomannsbustad er på trappene.

Dei tilsette betalar ein meir eller mindre symbolsk sum, ifølgje hotellet.

– Blir vanskelegare og vanskelegare

Dei som arbeidar her har jobba mange plassar, men dei lèt seg blende av naturen på Sunnmøre. Dei kjem frå ulike delar av verda, som Polen, Frankrike, Tyskland og Dalsfjorden.

– Omgjevnadene, fjorden, fjella, er utruleg. Det tar pusten frå ein, seier kokk Jakub Podkowinsky.

Same kor vakkert det er, så må hotelldirektøren vedgå at det er tungt å skaffe arbeidskraft når ein ligg langt unna dei store byane.

 

– Det blir berre vanskelegare og vanskelegare. Så då må vi i alle fall vise at vi er profesjonelle aktørar som ønsker å tiltrekke oss gode folk frå framtida, seier Øye.

Viktig å vere kreative

Denne veka kom Nav si bedriftsundersøking, som har kome fram til at mangelen på arbeidskraft i Noreg er oppe i rundt 53.000.

Av desse manglar verksemdene rundt 1500 kokkar. Det er likevel mindre prekært enn i fjor, skal vi tru NHO reiseliv.

– Vi ser på arbeidsundersøkinga at behovet er noko lågare enn for eit år sidan. Noko av forklaringa er at verksemdene gjer mykje kreativt for å tiltrekke seg arbeidskraft. Det er veldig positivt isolert sett, men det er trasig for dei som framleis har behov for kokkar. Jo lenger unna du er dei store byane, jo vanskelegare kan det vere, seier Henrik Hamborg, kompetansepolitisk rådgiver i NHO Reiseliv.

Mykje av arbeidskrafta blir rekruttert frå utlandet fordi det kan vere lettare å få talenta der til å flytte til ein naturskjønn plass litt usentralt i Noreg. Derfor meiner han det er lurt det dei gjer på Øye.

– Jo mindre stad det er, jo vanskelegare kan det vere å få bustad. Det kan du jo tenkje deg sjølv, å reise til eit land med ukjent kultur og ukjent språk, og så skulle prøve å etablere deg. Det er jo mykje anna å setje seg inni, seier Hamborg.