Etter sju år med renovering har dei endeleg opna dørene for overnattingsgjester: – Det har vore travelt

Norge
13 år har gått. Husum Hotell i Borgund har fått nytt liv som gamalt hotell. Då Odd Inge Brugrand og Kari Breistøl kjøpte Husum hotell i Lærdal kommune i 2009, vart det til slutt nytt liv i den historiske garden. Før Odd Inge og Kari kjøpte garden hadde det vore både gard, skysstasjon og hotell. Sjølve bygget er frå 1835, men sveitserstilen kom ikkje før i 1887. – Då var det hotelldrift lenge før det seinare stor tomt. Mor og far min bestemte seg då for å kjøpa hotellet, og renovera, seier dagleg leiar Anna Brugrand.

Inga støtte

Tida frå Odd Inge og Kari kjøpte Husum Hotell har ikkje vore nokon dans på roser.

– Mange trur me har fått støtte til å renovera, men det har me ikkje, seier Anna.

– Me søkte om støtte frå kulturminnefondet for å renovera, spesielt fordi skiferplatene på taket lakk, men me fekk avslag. Representanten for Kulturminnefondet var på synfaring, men var ikkje open for å diskutera ei praktisk og meir varig løysing på utbetring av skifertaket på hotellet.

Kari seier det truleg var like greitt at dei ikkje fekk støtte.

– Ei eventuell støtte hadde truleg berre vore nokre få prosent av totalkostnaden som no er lagt ned. Løysinga som no er velt er meir varig, og endringane i forhold til opphavleg utføring ikkje synleg på fasaden.

Berre hyggjeleg

Våren 2018 opna endeleg hotellet for gjester ved arrangement.

– Lokalbefolkninga var veldig ivrig, det er jo eit viktig bygg for mange.

Kari styrer hotellet i lag med dotter, Anna.

– Det er nok mange som har sakna hotellet, seier ho.

– Eine arrangementet var ein 30 års bryllaupsdag til eit par som hadde gifta seg her, fortel Kari.

Hotelldrifta

Sjølv om hotellet har hatt opne dører for arrangement sidan våren 2018, har det sin fyrste sesong som hotell no.

– Det har vore travelt, seier dotter, Anna.

– Me har åtte renoverte rom, på eit av dei var høgdeforskjellen på golvet 14 centimeter, seier ho.

Framsida av bygget og matstova er urørd. Dei har sett inn eige bad på alle romma, bygd ut nytt kjøken, og lagt nytt golv fleire plassar. Resepsjonen er òg blitt flytta på.

Utfordringar

– Me har jo hatt litt utfordringar, seier Anna.

Å nå ut til folket er kanskje fysisk lettare i dag enn i 1835, trass bil og internett er det inga lett sak.

– Me har laga logo, nettside og brukarar på sosiale media, held ho fram.

– Før var det jo skysstasjon, og seinare var hotellet einaste stoppeplassen på denne strekka. Det ligg jo samstundes attmed både Kongevegen og Borgund stavkyrkje. Det var veldig sentralt, seier Anna.

Trass dette klarar det sesongopne hotellet seg bra.

– Til hausten håpar eg på å få ordna ny tapet i matstova, fortel ho.