Det var den pensjonerte israelaren Ami Hadjes som saman med kona planla ein tur til Noreg denne sommaren. Då han bestilte hotell i Geiranger, blei det krøll. For der skal han ha fått beskjed om at det var ein komande boikott mot israelske gjester, i regi av arbeidstakarorganisasjonen LO, og at fleire av dei tilsette var LO-organiserte. Det førte til at det israelske ekteparet avbestilte. Hadjes seier han har fått svært mange meldingar etter at saka blei kjend, gjennom Verdinytt.no og deretter VG. – Sidan då har vi fått hundrevis av støttemeldingar frå nordmenn, og til og med orsakingar på vegner av Noreg. Vi set verkeleg pris på denne varme responsen, seier han til NRK.
Han legg til at han ikkje har det nøyaktige talet, men at meldingane strøymde inn på Facebook, Whatsapp, LinkedIn og på e-post. Fleire skal ha tilbydd han gratis husvære. Dette er døme på meldingar israelaren seier han har fått frå nordmenn.
Etterforska av politiet
Hotellet i Geiranger har tre stjerner, 12 rom og storslått utsikt over Geirangerfjorden. Då israelaren fortalde om problema sine på ei Facebook-gruppe for israelarar, enda det med at ein privatperson bad politiet starte etterforsking. Nyleg blei det klart at politiet har lagt vekk saka – Saka blei lagt bort fordi det ikkje var rimeleg grunn til etterforsking. Ingenting tyder på at det har skjedd noko straffbart, seier jourhavande jurist Yngve Skovly. Hotelleiinga ønskjer ikkje å kommentere saka. Tidlegare har hotellmedarbeidaren sagt til VG at det ikkje var meininga å kommunisere at israelske turistar ikkje er velkomne.
Hevdar israelarar skulle skremmast frå landet
Organisasjonen Israel for fred har engasjert seg i saka, og meiner konklusjonen frå politiet er feil.
– Det er urovekkjande at politiet legg vekk ei slik sak som så tydeleg står fram som eit brot på diskrimineringslova, seier Conrad Myrland, dagleg leiar i Med Israel for fred.
– Inntrykket som blei skapt hos dei israelske turistane, var at ein boikott ville bli innført, og dermed skulle dei skremmast til å ikkje kome til Noreg, seier Myrland.
Håper på ny tur til Noreg
Israelaren Ami Hadjes seier til NRK at politiet har rett i at hotellet ikkje kansellerte opphaldet, det gjorde dei sjølve. Han skriv at dei kjende seg svært lite velkomne. I ettertid viste det seg at dei også måtte kansellere resten av opphaldet på grunn av krigen. No håper dei det kan bli ny tur til Noreg – Vi gir absolutt ikkje opp å besøke Noreg. Det er eit vakkert land og vi gler oss til å utforske det i framtida, seier han.
NRK har kontakta den israelske ambassaden og spurt om israelarar i Noreg opplever å bli boikotta. Ambassaden ønskjer ikkje å svare på dette.