Kviknes Hotel er medlem av De Historiske, og nokre av verksemdene der er også medlemmer av Historic Hotels World Wide, ei samling historiske hotell over heile verda. Utdelinga feirar verdas beste historiske hotell og deira eigarar i kategoriar som service, berekraft, marknadsføring, historie og lokalisering.

Fleire finalistar frå Noreg og Sogn

I år er Kviknes Hotel finalistar i kategorien Best Social Media of a Historic Hotel. i selskap med andre hotell i mellom anna Irland, Hellas, Tyskland, Italia og Kina. Over 200 nominasjonar frå 49 land vart vurderte før finalistane vart utpeika. I fjor vart direktøren lokka til Virginia. Denne gongen skal utdelingane skje i Seattle med eigarar, direktørar og representantar frå mange av dei mest ikoniske hotella i verda til stades.

Også Walaker

Fleire norske hotell er mellom dei nominerte i andre kategoriar. Det er også andre kandidatar frå Sogn som kan vinna pris. Walaker Hotell i Solvorn er finalistar i kategorien Best Historic Hotels Worldwide Hotel in Europe.

– Beskjeden om at me var nominerte også i år kom som ei gledeleg overrasking. Det er ekstra kjekt at det skjer i USA, som er ein stor og viktig marknad for oss. Framfor alt er dette ei anerkjenning av det gode lagarbeidet og den innsatsen våre tilsette legg ned kvar einaste dag, seier Kvikne i ei pressemelding.

Prisen løftar fram korleis historiske hotell nyttar digitale kanalar til å dela historier, skapa fellesskap og inspirera nye reisande.

– Eg hadde ikkje venta det i det heile. Ein må eigentleg senda inn søknad til desse prisane, med grunngjeving, og det gjorde me i fjor. Men i år tenkte eg at me kan ikkje vinna to år på rad, og at det er greitt om nokon andre vinn. Men så fekk eg mail om at me er nominerte i sosiale medium-kategorien, seier han til Sogn Avis.

Heng med i den digitale utviklinga

Sjølv eit hotell med lang historie ser at det blir viktigare og viktigare å hengja med på den digitale utviklinga, og vera synlege på sosiale medium.

– Heilt klart. Me annonserer ikkje lenger i gamal forstand. Folk finn oss på Facebook og Instagram, som er dei kanalane me brukar mest. Me har hatt veldig god trafikk frå norske gjester i sommar, og det trur eg har mykje med aktiviteten vår på Facebook og Instagram å gjera, seier Kvikne.

– Her vil eg retta ein takk til Ragnhild Myklemyr og Gasta design, for det lange og gode samarbeidet om innhald til sosiale kanalar. For oss på Kviknes har det vist seg at slik dedikasjon gjer Kviknes til det det er i dag.