Article

Tar over drifta av Askvoll Fjordhotell: – Treng eit slikt tilbod i nærområdet

Tar over drifta av Askvoll Fjordhotell: – Treng eit slikt tilbod i nærområdet

– Det blir spennande, vi må berre prøve oss fram og sjå korleis det går.

Det seier Frank Even Solheim.

I Næringslivsloggen til Firda fredag 27. januar, kunne ein lese at Solheim og Endre Andreas Lykkebø var oppført som dagleg leiar og styreleiar for Askvoll Fjordhotell. Dei to skal med andre ord stå for drifta, men Solheim fortel at dei også får med seg ein tredje drivar: Inger Margrethe Bjaanes.

I dag er det Ann Elise Gjervik som driv hotellet, men etter kvart vil den nye trioen ta over.

– På papiret tok vi over 1. januar, men Ann Elise vil framleis drive ei lita stund til. Planen er at vi tar over seinare i vår, og at vi gradvis skal sette oss inn i det. For det er mykje å sette seg inn i, men vi får god hjelp av Ann Elise i overgangsperioden, seier Solheim, som tek rolla som dagleg leiar på hotellet.

LES OGSÅ - Askvoll Fjordhotell er lagt ut for sal. Prislapp: 7,4 millionar kroner

Ønsker meir aktivitet

Sidan 2017 har han drive Kaia Pub & Restaurant i lag med Endre Andreas Lykkebø. Dei har begge vakse opp i Dale, og det skil berre eitt år mellom dei.

– Kvifor ønskte de å ta over hotelldrifta?

– Nei, sei det, du. Ein kan jo begynne å lure av og til, seier han og ler.

– Motivasjonen er jo å prøve å få til noko. Ein treng eit slikt tilbod i nærområdet. Det er jo det største hotellet som er i HAFS-regionen. Vi har eit ønske om å få til endå meir aktivitet enn det som har vore, så får vi sjå, seier Solheim.

Å drive hotell er nytt for dei, men Solheim har litt erfaring frå bransjen.

– Eg og mor mi har vore litt borti motelldrift, men det er langt tilbake i tid. Det heitte Stjernen Kro & Motell, og vi dreiv frå 1988 til 1991, seier han.

Vil tilsette etter kvart

Når dei har tatt over drifta, vil dei etter kvart tilsette fleire.

– Vi må tilsette nokon på hotellet. Nokon som hovudsakleg jobbar på hotellet, eller som kan brukast litt att og fram der og på Kaia, alt etter behov. Mest aktuelt er kokk og servitør, men på ein mindre plass må ein som er kokk gjerne gjere litt andre arbeidsoppgåver av og til. Men generelt er det vanskeleg å skaffe folk i bransjen, seier han.

Hotellet har tidlegare vore drive som eit heilårs turisthotell, og har hatt flest besøkande om somrane. Dei nye drivarane håpar på å skape meir aktivitet gjennom heile året, enn det har vore.

– Hotellet har i det siste hatt ope litt her og der. Vi ønsker å ha ope til meir faste tider, i alle fall på sommaren. Og så vil vi prøve å få til litt fleire arrangement, seier Solheim.

LES OGSÅ - Oddleif held liv i Askvoll Fjordhotell: – Det ser ikkje heilt mørkt ut
LES OGSÅ - «71 grader nord» filmar i Askvoll for første gong: – Vi føler vi er midt i eit levande postkort
LES OGSÅ - Det kosta dyrt, men no er Askvoll Fjordhotell i lokalt eige att

 

Similar articles

Disse kjemper om Cityprisen 2023

Disse kjemper om Cityprisen 2023

Via, Sommerro og Tullinkvartalet er nominert til Cityprisen 2023, den prestisjefulle prisen som regnes som eiendomsbransjens Oscar.