Årsaka er ifølge NRK Rogaland, som omtalte saka først, svinn grunna gjestar som drikk opp øl og vin frå minibaren, og fyller flaskene med vatn for å unngå å betale.

I Sogn og Fjordane er erfaringane delte.

– Det forsvinn ein øl iblant

På Thon Hotell Førde har dei framleis minibar, på nokre av romma.

LITT SVINN: Hotellsjef Wenche Lill Amundsen seier dei forsvinn ei øl i ny og ne i minbarane, utan at det er eit stort problem.. Foto: Cecilie Brendehaug Rysjedal

– Minibaren lever her hos oss, på nokre av romma. Vi har minibar på familieromma i andre etasje og på suitane i sjuande etasje, seier hotellsjef Wenche Lill Schneider Amundsen.

– Merkar de noko til dette som NRK skriv om at enkelte gjestar prøver å lure til seg drikkevarer frå minibaren?

– Det skjer av og til. Det er typisk at ein drikk opp ein øl, fyller vatn på flaska og set den tilbake. Men eg vil ikkje kalle det eit stort problem. Litt svinn vil det alltid vere i ei stor bedrift.

Dei har verken redusert eller auka, det er slik det alltid har vore der på hotellet.

– Vi har dei minibarane vi alltid har hatt. Og ingen planar, så vidt eg veit, om å kutte dei ut.

På Skei har svinn frå minibar aldri vore ei utfordring.

– Thon Partner Hotel Jølster har aldri hatt minibar, seier hotelldirektør Sindre Saue Årdal.

– Måsen var eit større problem

Scandic Sunnfjord Hotell & Spa droppa minibarane for fem- seks år sidan.

NYTT HOTELL: Sunnfjord Hotell har fått ny etasje med 44 rom. I tillegg er resepsjonen og restauranten blitt ny. – Kjennast heilt fantastisk, seier hotelldirektør Odd Erik Gullaksen.
MÅSEN STAL MEST: Scandic Sunnfjord Hotel & Spa slutta med minibar på romma for fleire år sidan. Det handlar ikkje om svinn grunna gjester. Måsen derimot, han forsynte seg godt når dei lufta romma, seier hotelldirektør Odd Erik Gullaksen. Foto: Ina Christin Løvseth

– Vi hadde ikkje nokon større problem med at gjestar stal frå minibarane, seier Odd Erik Gullaksen, administrerande direktør for Scandic Sunnfjord Hotel & Spa.

I staden handla det om ein ny strategi frå Scandic-kjeda.

– Vi «flytta minibaren» ned i resepsjonen, og bygde ein større butikk der, med langt større utval, av alt frå snacks til mat, drikke og små nødvendigheiter.

Det gjorde kjeda etter ei heilskapsvurdering av kva varer gjestane nytta seg av i minibaren, og kva varer gjestane sakna.

– Det har også eit miljø- og eit økonomisk omsyn. Mykje av innhaldet i minibarane stod til det gjekk ut på dato. Vi valde å berre ha kjøleskap på romma. Gjestane kan handle med seg varer frå butikken i resepsjonen, eller andre stader, og putte det i kjøleskapet.

Det beskriv han som ei betre løysing, både for kunde og hotell.

Men eit lite problem hadde dei likevel med andre ubedne gjestar:

– Tidlegare brukte vi å ha ulike former for snacks i ei skål på rommet. Når vi lufta romma om sommaren, såg måsen sitt snitt til å komme inn og stele. Det var eit større problem, seier han og ler.

Meir lovlydige?

Gloppen Hotell har heller aldri hatt minibar på romma, og følgeleg ei heller utfordring med svinn og steling frå minibarar. Hotel Alexandra i Loen har derimot minibarar på rommet.

Hotellsjef ved Hotel Alexandra, Ingri Grov Kämpf, gler seg til å få gjestar og aktivitet på hotellet igjen.
LITE SVINN: Hotellsjef ved Hotel Alexandra, Ingri Grov Kämpf, seier dei ikkje har mykje minibarsvinn. Foto: Arkivfoto

– Vi har minibar på alle våre rom, seier hotellsjef Ingri Grov Kämpf.

– Opplever det problema med svinn som andre hotell melder om?

– Det er klart vi har vore borti nokre slike tilfelle, men det har aldri vore eit større problem her hos oss.

– Er gjestane på våre kantar meir lovlydige enn andre stader?

– Sjølvsagt, seier ho og ler.

– Nei, kva som er årsaka til det er eit mindre problem med svinn på våre kantar, det veit eg ikkje.

Ho seier dei har registrert at mange hotell droppar minibarar etter kvart.

– Det har vi ikkje planar om.