Det var eit særsyn. Eit lysande døme på hotellarkitektur. Hotellet stod fram som eit Soria Moria slott, skriv Kraftmuseet i ein av sine artiklar.

Hotellet hadde 110 rom med 117 senger, og matsalen – ein gildehall i vikingstil, dekorert med drakeornament utført av trekunstnaren Lars Kinsarvik – var på 200 kvadratmeter og hadde plass til 250 gjester.

Odda og Hotel Hardanger vart så populært at det somme dagar var vanskeleg å få tak i rom. Fram til 1. verdskrigen var det jamn framgang og fredelege tilstandar i Europa, og reiselivet blømde som aldri før.

Vart rådhus

Slik fortel Kraftmuseet om slutten for Hotel Hardanger:

Etter at industrien starta opp og la røykteppet over Odda, gjekk hotellet konkurs og Odda kommune tok det i bruk som rådhus og bygde kaianlegg for fraktebåtar.

Fram til slutten av 1950-åra, då dagens rådhus sto ferdig, husa hotellet mange offentlege kontor, kino, vidaregåande skule og lækjarkontor med meir. I sjøfløyen låg Odda mødrehygienekontor som dei moderne kvinnene i Odda opna alt i 1932.

Hotellet vart rive og fjerna i 1976. Mange vil hugsa rivingsspørsmålet og kampen på 70-talet.

– Eit døme på ein opprivande, tøff og sår kamp om kulturverdiar i Odda, skriv Kraftmuseet om det som skjedde.

Hotell i særklasse

Laurdag 15. april ynskjer Hardanger Historielag, Kraftmuseet og Sentralbadet litteraturhus i Odda velkomen til temadag om nettopp Hotel Hardanger og andre hardangerhotell med arkitekt Jess sin signatur.

– Temadagen skal ikkje bli ein syte- og klagedag, men få fram kva verdiar som var, kva verdiar som framleis er igjen og løfta arkitekturen i ein større samanheng, seier Brita Jordal, rådgjevar ved Kraftmuseet og styremedlem i Hardanger Historielag.

OVERLYSVINDAUGE: Delar av taket i Ungdomshallen i Odda stammar frå Hotel Hardanger. På temadagen vil det bli omvising i Ungdomshallen.

Edvard Faleide er lektor ved Stryn Gymnas og har arkitektur- og bygningshistorie som spesialfelt. Han brenn for å formidla kunnskap han har samla om arkitekt Jess og hotella han teikna i Hardanger.

Faleide vil snakka om to tema:

– I den første delen vil eg presentera arkitekt Jess sin hovudproduksjon, som var konsentrert om Bergen. Her vil det bli eit poeng å visa kor allsidig ein byarkitekt måtte vera den gongen – over eit vidt spekter av stilartar og bygningstypar. I den andre delen blir fokuset lagt på kyrkjer og hotell han teikna på landsbygda, seier han.

– Desse to bygningstypane var nært knytte til kvarandre i Jess sin arkitektur: dei store matsalane og tårna i Jess-hotella var ikkje så reint lite prega av erfaringane han hadde som kyrkjearkitekt.

Artikkelen held fram under bileta.

KJEM TIL ODDA: Edvard Faleide har vore på jakt etter Jess sine bygningar i mange år og har no mål om å skriva bok om han. – Ingen veit meir om denne arkitekten og hotella enn Faleide. Han bur i Stryn, der dei har Hotel Central som har mange fellestrekk med Hotel Hardanger, seier Brita Jordal.
ARKITEKTEN BAK: Hans Heinrich Jess vart fødd i Tyskland, men budde og arbeidde i Bergen. I Hardanger teikna han først Låtefoss Hotel, bygd 1889, deretter Mælands Hotel i Granvin, 1890, og så Hotel Hardanger i Odda, som stod ferdig 1896. Foto: Ukjend, del av Kraftmuseet sitt arkiv

– Når vi først får Faleide hit, fekk vi lyst til å dra inn andre og få fram personhistorier knytt til hotellet, seier Brita Jordal.

Fem timar

Arrangørane har laga eit program for dagen på heile fem timar.

– Det er klart det er omfattande. Men sjølv om det er eit langt program, så er det lett og variert. Vi håpar mange vil synast det er kjekt og vi trur mange vil vera interesserte, svarar Brita Jordal.

Ho seier folk kan koma og gå som dei vil, så lenge dei har billett og det er plass.

–Ein må ikkje vera med heile dagen.

Kven var hotellfruo?

Mads Ramstad, oldebarn til «sjølvaste hotellfruo» i Odda, vil snakka om Tollefsen og Simonsen som eigde og dreiv «Hotel Hardanger». Tittelen på hans innlegg er: Kven var skipskapteinen, «fruo» og forretningsføraren?

Sofie og Mikkel Tollefsen med sonen Theodor og foreldra til Mikkel; Marta og Tollev Almerket. Foto: Kraftmuseet arkiv