Tala for bestillingar gjort til og med 6. mai viser at alle dei seks største hotellbyane i Noreg, inkludert Gardermoen, har langt høgare booking for juni, juli og august enn i same periode i fjor.

  • Stavanger: 157 prosent høgare bookingnivå samanlikna i fjor
  • Gardermoen: 372 prosent høgare
  • Oslo: 266 prosent høgare
  • Bergen: 177 prosent høgare
  • Tromsø: 102 prosent høgare
  • Trondheim: 46 prosent høgare
  • Kristiansand: 44 prosent høgare

Tala er rapportert inn frå hotella til Benchmarking Alliance og omarbeidd av Peter Wiederstrøm for NHO Reiseliv.

Kristin Krohn Devold, administrerande direktør i NHO Reiseliv, gler seg over tala. Ho synest det er bra at det endeleg går mot ein normal sommarsesong.

– Dette unner eg verkeleg alle dei reiselivsbedriftene som har hatt det utruleg tøft, og som har jobba beinhardt for å reise seg igjen, seier Krohn Devold.

Både nordmenn og utanlandske turistar har bestilt opphald ved De Bergenske, fortel Smørås.

– Vi ser at Europa truleg no ser på Noreg som ein trygg og god destinasjon. Både dei som vil ha ein kort storbyferie og vi ser bestillingar på lengre sommaropphald.

– Hjula rullar igjen

Tala tek også føre seg bestillingar frå eit utval hotell i småbyar og tettstader i Vestlandsregionen. Her har det vore ei dobling i bestillingar per 6. mai i år sett opp imot 6. mai i fjor.

– Vi føler at hjula begynner å rulle litt igjen, og at vi er meir eller mindre tilbake til slik vi var før pandemien, seier hotellsjef Terese Honningsvåg Kirkhorn ved Gloppen Hotell.

Hotellsjefen i Gloppen seier dei har bra med bestillingar til sommaren.

– Helgene er fullbooka til oktober nesten, men i vekedagane er det framleis litt ledig, seier Kirkhorn.

Spent på utanlandsmarknaden

– Vi er i full drift og har både bussgrupper, konferansegrupper, bryllaup og selskap. Det kjennest veldig godt, seier hotelldirektør Ingrid Prestegard ved Brakanes Hotel i Ulvik i Hardanger.

Ho seier hotellet enno ikkje er heilt tilbake etter pandemien, men at aktiviteten utan tvil har teke seg opp og at sommaren ser lovande ut.

Prestegard er særleg spent på turistane frå utlandet og bussgrupper. Dei er ikkje heilt tilbake til normalen enda.

– Det kjem nok til å ta ei stund, og det er hovudsakleg utanlandsmarknaden som ikkje er tilbake til der den eingong var.

Marsrekord for hotella

Ved Førde-hotellet Scandic Sunnfjord Hotel & Spa merkar dei at drifta har byrja å normalisere seg etter to koronaår.

– Vi har tru på at marknaden vil ha ein vesentleg høgare aktivitet denne sommaren sett opp mot dei to somrane før, seier hotelldirektør Odd Erik Gullaksen.

I slutten av april la Statistisk sentralbyrå (SSB) fram tala for overnattingar i mars. Tala syner ein auke til same nivå som før pandemien.

Hotella i Noreg sette dessutan mars-rekord. Det var 1,8 millionar hotellovernattingar denne månaden.

– Talet på hotellovernattingar er det høgste talet som SSB har målt for norske overnattingar i mars månad, uttala rådgjevar Kristin Aasestad i SSB.