- Eg har god tru på at dette blir realisert, seier eigar av Bø Hotell, Helge Solberg, til TA.

Milepæl passert

Solberg og direktør Ottar Langåsdalen smiler breitt over den fine utviklinga til Bø Hotell.

- Det blei ein kanonbra haust. Marknaden for kurs og konferansar er tilbake etter pandemien med møte på teams. Hotellet hadde eit stort tap i fyrste halvår, men det snudde etter sommaren. Omsetninga i fjor passerte 30 millionar kroner, opp akkurat fem millionar kroner frå året før. Resultatet er ikkje endeleg klart, men det blir overskot for 2022, seier Solberg og Langåsdalen vidare.

Store planar

Som TA skreiv rett før nyttår, planlegg hotelleigar Solberg ein kunnskapspark i tilknyting til Bø Hotell. Selskapet Bø Kunnskapspark er for lengst etablert. Også der er Solberg eineeigar.

- Dette er eit bygg på 2.500 kvadratmeter. Me skal flytte alt av kurs og konferansar i hotellet til dette bygget som er har ei total kostnadsramme på 70 millionar kroner. Etter planen skal det stå klart til skulestart i 2024. Eg har god tru på at prosjekt blir realisert, seier Solberg vidare.

- No har me leigetakarar til mellom 55 og 60 prosent av arealet i nybygget. Den prosenten må opp før me set i gang, men det trur eg ikkje blir noko problem. Her vil det vere fyrstemann til mølla, seier Solberg.

Vil flytte

Fylkesdirektøren foreslår no å utgreie moglegheitene for å etablere restaurant- og matfag som vidaregåande utdanning i Bø. I innstillinga heiter det at ein skal avklare moglegheiter og vilkår for å leige eit undervisningskjøkken på Bø Hotell. Fylkesdirektøren foreslår også å flytte lina for sal, service og reiseliv til Bø. Saka skal til politisk handsaming no i vinter og vår.

- Det er ekstrem manko på kokkar her i landet. Ei slik line, med 10-15 kokkeelevar i kvart årstrinn, vil styrkje prosjektet vårt til 70 millionar kroner. Den teoretiske utdanninga skal skje på Bø vgs, seier Helge Solberg.

PLANEN: Slik kan inngangen til Bø Hotell sjå ut neste haust. 

Målet

- Målet til Bø Kunnskapspark er å ta ein aktiv posisjon for å bidra til utvikling av næringslivet og etablering av nye arbeidsplassar. Vidare ønskjer ein å etablere attraktive næringsklynger som er viktig for utviklinga av Midt-Telemark-regionen. Det skal skje i samarbeid med andre. Selskapet skal drivast på marknadsmessige vilkår, og vere aktiv på område der Bø har styrken sin.

I parken skal det etter planen etablerast verksemder som tilbyr kurs og etterutdanning til bedrifter og privatpersonar utanfor høgskule og universitet. Parken ønskjer å samle næringsapparatet, landbrukskontoret og destinasjonsselskapet. Vidare er det eit mål at det skal bli skapt kompetansearbeidsplassar som til dømes rådgjevande konsulentar, arkitektar osb.

Bø Kunnskapspark vil òg tilby fasilitetar som konferanserom og kurslokale med moderne utstyr tilpassa dagens og morgondagens behov, heiter det i planane.