Dette er Avinor-modellen
Avinor-modellen inneber at Avinor i størst mogleg grad skal vere sjølvfinansierande, og at selskapet skal drive samfinansiering mellom bedriftsøkonomisk lønnsame og ulønnsame lufthamner. Avinors samfunnsoppdrag er å eige, drive og utvikle eit landsomfattande nett av lufthamner for sivil sektor og ei samla flysikringsteneste for sivil og militær sektor. I rolla som eigar avgjer staten kva lufthamner selskapet skal utvikle og drive. Avinor har i dag ansvaret for 43 lufthamner, inkludert helikopterhamna på Værøy. I tillegg eig Avinor Haugesund lufthamn som er leigd ut til eksterne drivarar, og Fagernes lufthamn som er lagd ned og planlagd seld.
Kjelde: Regjeringas luftfartsstrategi
– Ei krise regjeringa sjølv har skapt
Bakgrunnen for pengeknipa er at Avinor har lagt til grunn at flytrafikken skal auke med 2 prosent kvart år.
Om nullvekst er den nye normalen, kan heile eigenkapitalen ryke.
– Tidlegare har våre prognosar vist at flytrafikken vil vere tilbake på 2019-nivå i 2024/2025. No anslår vi at trafikken ikkje er tilbake på tilsvarande nivå som før pandemien før i 2027/2028, seier konsernsjef i Avinor, Abraham Foss i ei pressemelding.
Tysdag kjem selskapet med tala for tredje kvartal.
Statssekretær Bent-Joacim Bentzen (Sp) understreka at situasjonen var dramatisk då han gjesta Dagsnytt 18.
– Det er ikkje berre snakk om 200 millionar kroner. Dette er snakk om heile den økonomiske modellen til Avinor, forklarte han.
Avinor har sjølv signalisert at dei treng å auke inntektene med opp mot 1,7 milliardar kroner i året.
I eit brev føreslår regjeringa fleire handsrekkingar, men presiserer at hjelpa først kan komme på statsbudsjettet for 2025.
Sist fredag presenterte Framstegspartiet sitt alternative statsbudsjettet for 2024.
Der foreslår dei å fjerne flypassasjeravgifta og å reversere «det smålege kuttet i taxfreekvoten». Kuttet i taxfree-ordninga skal ha kosta Avinor 236 millionar kroner.
– Dette er ei krise regjeringa sjølv har skapt, seier Frp-representant Morten Stordalen til NRK.
– Liten grunn til å tru at dei vil komme i pluss i framtida
Flyanalytikar Hans Jørgen Elnæs var tidlegare leiar i Ryanair.
Han trur enden på soga blir at staten tek over større infrastruktur-prosjekt som i dag er Avinor sitt ansvar.
– Det kan òg hende at staten må ta over ansvaret for ein del tapsflyplassar. Det er liten grunn til å tru at flyplassane med «evig tap» vil komme i pluss i framtida.
I 2012 foreslo Avinor å leggje ned fire flyplassar.
Ei oversikt (2014) frå Transportøkonomisk Institutt viser at kvar passasjer på Sandane lufthamn i Nordfjord kostar staten 1163 kroner.
– Legg den ned, kvitterte Frps fylkesleiar Frank Willy Djuvik.
På generelt grunnlag uttalte statssekretær i Samferdselsdepartementet, John-Ragnar Aarset (H), at han var «open» for å leggje ned dei dyraste flyplassane.
– Viss infrastrukturen totalt sett blir betre i eit område, kan det vere betre å satse på ei stor lufthamn framfor fleire små, sa han til Bergens Tidende.
Senterpartiet: – Å leggje ned flyplassar er ei ikkje-sak
Ni år seinare er det tilsynelatande mindre rørsle i spørsmålet om talet på flyplassar, trass auka press.
Ei tilråding frå Quale-utvalet (2020) om å leggje ned flyplassar vart omgåande lagt vekk, og i Hurdalsplattforma (2021) lovar Støre-regjeringa å «halde oppe og vidareutvikle dagens lufthamnstruktur».
– Det er eit politisk verdival å ha flyplassar også i distrikta. Gode flytilbod er viktig for folk og næringsliv. Å leggje ned flyplassar er ei ikkje-sak, seier Siv Mossleth (Sp) til NRK.
Erik Lahnstein er leiar i NHO Luftfart, men har i to periodar vore statssekretær for Senterpartiet i Samferdselsdepartementet.
I kronikken «Heilaga lokale tilbod» beklagar han seg over at ideen om å leggje ned flyplassar er så «sensitiv» at gevinstane eingong ikkje blir utforska.
– Eg skulle ønskje vi ikkje starta debatten med å spørje om kva flyplassar som bør leggjast ned, seier han.
– Spørsmålet bør heller vere korleis vi som samfunn får til dei beste heilskaplege løysingane med tilgjengelege ressursar.
Oppdatering: I ei tidlegare utgåve sto det at dei lønnsame flyplassane kan vere så få som 16 prosent av totalen. Det riktige talet er altså 14 prosent.