Omtalen omsett til norsk ser omtrent slik ut:
"Spektakulær utsikt frå ein norsk fjord
Veganeset Camping (teltplass frå £18 per natt) er ein imponerande campingplass i dei norske fjordane – avsidesliggjande, men likevel ein lett køyretur frå bygda Balestrand. Utsikta var til å døy for, og om sommaren var det framleis litt lys ved midnatt. Enkelt, men med gode bad. Det var den beste campingplassen vi fann i Noreg – og også den billigaste."
Harald Tjugum beskriv omtalen som både overraskande og overveldande.
– Det var ein særdeles veltalande og rosande omtale. Ho skreiv jo at utsikta var til å døy av, det hadde no vore trist om folk såg Veganeset og døydde, flirer han.
Ikkje til å forstå
Campingdrivaren tykkjer det er stort at ein liten plass ved Sognefjorden skal få ein slik omtale i ei storavis, men han klarar ikkje heilt å forstå det sjølv.
– Me som bur her, me legg ikkje merke til det lenger. Det er jo heilt normalt for oss. Men folk som er vande med å bu midt inne i ein by for eksempel, kan jo tykkja at det er overveldande å sjå fjorden og desse fjella.
Eigentleg er Veganeset for liten til å leva av åleine. Tidlegare har Tjugum teke andre jobbar på vinterstid, og hatt campingen som hovudjobb på sommaren. Men dei siste åra har han levd av å driva campingplassen.
I sommar ventar dei om lag 6000 gjestedøgn.
Jubileum
Dei første gjestene kom til campingplassen i juli eller august i 1960, så i år er campingen 65 år.
Tjugum er like gamal, men han har også sitt eige «bittelille» jubileum i år.
– Det er 50 år sidan eg byrja å jobba her. Då var eg 15 år og hadde ein liten jobb i kiosken og resepsjonen på dagtid. På den tida hadde me full butikk med egg, mjølk, brød og alt mogleg, mimrar han.
Ifølgje Tjugum kan du spørja kven som helst som driv ein campingplass om korleis det er, og alle vil svara det same:
«Det er ein livsstil. Det er sju dagar i veka, 24 timar i døgnet.»
Då er det ikkje ufortent å få omtale i britisk storavis.