Charles Arild Dalili Thevathason er ein av dei fremste eigedomsutviklarane i Sandnes, og har ei rekkje prosjekt rundt i byen. No snuser han på å gjere om Langgata 94A til eit hotell.
Arkitektfirmaet Holon har vore i kontakt med kommunen om utbygginga. Dei undersøker no moglegheitene for å bygge på to etasjar på bygningen, og drive hotell i andre til og med femte etasje. Første etasje blir hotellobby, næringsverksemd og kontorlokale.
Det er ikkje klart om dette vil vere i tråd med kommunale reglar, som betyr at det er svært tidleg i prosessen.
Thevathason sjølv er ordknapp om prosjektet.
– Me tenker på eit lite hotell. Det er ei investering for meg, seier han.

