Steinen på 2,7 tonn dundrar ned i aluminiumsplata.

Han sprett litt opp og ned, før han legg seg til ro.

Under konstruksjonen er det tenkt at både bilar, bussar og mjuke trafikantar kan passera.

Utan at dei skal verta skadde av steinar som plutseleg kjem frå ei fjellside.

– Eg er overraska over kor lite eit biltak toler, seier Kjell Fylkesnes.

Gründeren og den tidlegare bilforhandlaren går gjennom eit steinbrot på Stord i Vestland.

Rundt han står bilar på rekkje og rad.

Alle med knuste tak og vindauge etter at selskapet har testa korleis steinar, sleppte frå store høgder, påverkar bilane.

Resultatet overraskar dei.

– Bilprodusentane har gjort veldig mykje for å sikra bilane mot kollisjonar. Men sjølve taket er det ikkje så mykje styrke i, meiner han.

Det var Sunnhordland som først omtalte planane for skredsikring.

Rasfylket Vestland

Førre veke rasa store steinmassar over E16 i Aurland. Raset stengde hovudvegen mellom Bergen og Oslo frå laurdag til måndag ettermiddag.

Denne gangen gjekk det ikkje liv tapt.

Berre i Region Vest (Vestland og Rogaland) er det definert 775 skredpunkt langs riks- og fylkesvegar, ifølgje Statens vegvesen.

I heile Noreg er over 1700 slike punkt.

Å sikra norske vegar mot skred og ras er anslått å kosta mellom 80 og 90 milliardar, ifølgje Nasjonal rassikringsgruppe.

Dette seier reglane om skredoverbygg

Det er til saman 116 skredoverbygg i Noreg i dag, ifølgje Statens vegvesen.

109 av desse er i betong, 6 er i stål, og eitt er i tre (Fjågesund).

Det er handbok NV400 om bruprosjektering som gir retningslinjer for korleis ein skal byggja skredoverbygg.

Der heiter det mellom anna at skredoverbygga skal byggjast der vegen passerer eit naturleg skredløp, eller i terreng der det er nedfall av stein eller is frå skjeringar eller bratte fjellsider.

Det heiter også at bygget skal utformast slik at skred går mest mogleg uhindra over bygget for å redusera lasta.

Handboka seier at bruk av aluminium skal avklarast skriftleg med Vegdirektoratet før oppstart av prosjektering.

I tidlegare utgitt handbok 100 frå 1989 om skredoverbygg heiter det at plasstøpte betongkonstruksjonar har vist seg å vera best eigna.

Kjelde: Statens vegvesen

Vil utfordra betong

Løysinga for å sikra desse punkta kan vera tunnelar, sikringsnett og ikkje minst overbygg.

Og det er her bilseljaren frå Stord vil inn i biletet, saman med både geologar og representantar for aluminiumsindustrien.

I to og eit halvt år har dei jobba med ein fullskala testrigg.

Og i løpet av dei siste vekene har dei gjennomført fleire testar der store steinar vert sleppte ned frå ei mobilkran frå ulike høgder.

Målet er rett og slett å sjå om ein kan utfordra betong som materiale for skredoverbygg.

– Testane har gått veldig bra så langt. Innfestinga i fjellveggen held godt, og ingen steinar har hamna inn i vegen, seier Kjell Fylkesnes.

– Du er tidlegare bilseljar. Er du rett mann til å utvikla skredoverbygg?

– Eg er berre ein liten brikke i dette. Me har med oss både geologar, fjellsikringsekspertar og folk frå aluminiumsindustrien, svarar han.

Geolog: Tenkjer for konservativt

Harald Hauso, geolog i Vestland fylkeskommune, ynskjer eit nytt produkt velkommen.

– Behovet for skredsikring er enormt, og det er behov for nytenking. Dette vert teke i mot med opne armar hos oss, seier han.

Han meiner tankegangen om slike bygg har vore konservativ i lang tid.

Og at det knapt nok har skjedd ei utvikling dei siste 88 åra, sidan det første skredoverbygget i betong vart oppført i 1935.

Eit unnatak er selskapet Roadcap frå Sandnes, som også har utvikla alternative løysingar til tunnel og betong.

– Ein tenkjer for konservativt, rett og slett, meiner Hauso.

Skredsikring med betong er solid, men ofte dyrt og ikkje minst tidkrevjande, ifølgje geologen.

– Ein vert gjerne ståande i månadsvis berre for nokre få meter, seier han.

I fjor haust lyste Vestfold og Telemark fylkeskommune ut konkurranse om å byggja nytt skredoverbygg på fylkesveg 3324 i Fjågesund.

Dette skulle erstatta det einaste skredoverbygget i tre som finst i Noreg med eit nytt i betong.

Men kostnadane vart for høge, og no er konkurransen endra og lyst ut på nytt, opplyser prosjektleiar Anne Refsdal i Vestfold og Telemark fylkeskommune.

– Generelt er skredoverbygg i betong rekna å vera sikrare enn skredoverbygg i andre materiale. Men me har ikkje vurdert andre materiale i dette prosjektet, seier ho.

Meiner dette kan gje meir trygg veg

Jenny Følling (Sp) er leiar i Nasjonal rassikringsgruppe. Ho er også positiv til nye måtar å tenkja på.

Ho har fått presentert Stord-selskapet sine løysingar.

– Dette er billigare enn å byggja tunnel, og kan gje meir trygg veg for pengane, seier ho.

Statens vegvesen er open for nye løysingar, opplyser dei i ein e-post til NRK.

– Betong har vorte brukt fordi me veit at det toler belastninga det vert utsett for, og det har vore tilgjengeleg over fleire tiår. Me er positive til at også andre materiale kan fungera, men før me kan ta det i bruk må det gjerast ei konseptvurdering, skriv fungerande seksjonssjef for konstruksjonsteknikk i myndigheit og regelverk, Lise Bathen.

Dei har no konstruksjonen frå Stord til vurdering.