– Eg opplever at planane om bygging av hotelltårn har stor tilslutning, og frå politisk side vil vi gjere det vi kan for at hotelleigaren skal få komme raskt i gang med med bygginga, seier Teigen.
Han viser til saka der Ole Johan Helle på vegner av eigarselskapet Helle Invest as lufta utolmod og frustrasjon over fylkeskommunen sine innvendingar i saka. Innvendingar som har ført til byggjeutsetjing og krav om nye rapportar og analysar.
– Eg delar Helle sitt utolmod i saka. Slik eg tolkar fylkeskommunen sitt svar på planoppstarten på hotellet sin reguleringsplan, så signaliserer dei inga motsegn slik dei etter plan- og bygningslova skal gjere dersom dei motset seg tiltaket - i dette tilfelle byggehøgd på 12 etasjar.
Teigen viser til plandelen i Lov om planlegging og byggesaksbehandling (plan- og bygningslova) paragraf 5-4.
– Lova er klar på at motsegn skal fremjast så tidleg som mogleg nettopp fordi tiltakshavar skal sleppe å koste endelause utgreiingar som likevel vert stogga. Eg meiner fylket i denne saka er for seint ute med motsegn, seier Teigen.
Hotelleigaren har no ferdig ein rapport om hotelltårnet sin innverknad på kulturmiljøet i sentrum, slik fylkeskommunen har bede om.
– Utan å ta stilling til den, så tenkjer eg at det snart må vere den siste rapporten før vidare politisk handsaming. Byen har stort behov for fleire senger, konferansesalar og eit breiare tilbod til innbyggjarane. Eg, og mange med meg, er særs positive til hotelltårnplanane, så no vil vi ha framdrift i prosjektet, avsluttar ordføraren.

Slik blir Victoria-tårnet


No startar detaljplanlegginga av nye Victoria hotell


