Hotellet har i fleire år jobba med å oppgradere hotellet. I 2017 vart lobbybaren Bartine pussa opp samstundes som Larris Scene opna dørene, dette var første del av renovasjonen. Sidan det har det gått slag i slag.
I 2021 stod Sunnfjordssalen ferdig. Same året endra dei også fasaden på hotellet. I 2022 starta dei med å bygge på femte etasje med 44 nye hotellrom.
Totalrenovasjon
Like etter nyttår starta dei med endå eit prosjekt: totalrenovering av resepsjonen og restaurant Laxen.
– Vi har investert mykje i hotellet og har lyst at resepsjonen og restauranten skal samsvare med resten, seier Gullaksen.
Førre renovasjon av resepsjonen skjedde i 2004 fortel Gullaksen. Då var det berre tatt overflatene, medan no skal alt endrast på. Like før jul flytta dei ut alt av møblar og nyleg starta dei å rive ned det gamle.
– Alt av tak og vegger skal fornyast. Vi skal flytte resepsjonen litt og utvide restauranten med ein meter, seier Gullaksen.
«Laxetrappa» blir fjerna og koldtbord-buffeen blir større, i tillegg vil også varmmat-bufféen få nytt utsjånad. Vegger blir rivne og det vil bli installert eit nytt integrert lydanlegg. Renoveringa vil ta to månadar og 1. mars vil både dei nye hotellromma, restauranten og resepsjonen stå klare.
Dei tidlegare oppgraderingane er det eigedomsselskapet som har stått for, medan Scandic står for innreiinga av hotellromma og heile renovasjonen av resepsjon og restaurant. Scandic brukar til saman 13,5 millionar på oppgraderinga.
Held ope som vanleg
Sjølv om hotellet ber preg av å vere ein byggeplass, er det ingen tilbod som er råka i oppussings-perioden.
– Inngangspartiet er som før, men resepsjonen er der Bartine er til vanleg, seier Gullaksen.
Berrtine bar er flytta opp i tredje etasje, utan for Sunnfjordssalen. Der har dei møblert med fleire sittegrupper som ein fint kan ta i bruk ein kveld, for øl eller kaffi. Det er også der frukosten blir servert om morgonen, medan i rommet ved sida av har dei gjort om til mellombels restaurant.
– Er du ferdig med oppussing no når de opnar nytt 1. mars?
– Vi har ingen konkrete planar, men det vil alltids vere noko å endre på, seier Gullaksen.

