Det er selskapa Novaform AS, Xform AS og Norconsult AS som gjennomfører planarbeidet på vegner av hotelleigar Flora Hotell Bygg AS.

I april i år skreiv Firdaposten om planane for eit 12 etasjes høgt tårn, med skybar, spa og restaurant: Her er Florø sitt nye landemerke

No startar arbeidet med detaljreguleringa for alvor. 3. oktober inviterer dei til ope informasjonsmøte på hotellet, der alle som er interesserte kan delta. I løpet av oktober blir det fleire informasjons- og samhandlingsmøter, og tida fram til 25. februar 2023 skal nyttast til å lage eit planframlegg med ulike utgreiingar.

Det er lagt opp til første gangs handsaming av planen i mars, og er politikarane nøgde med framlegget blir planen då lagt ut på offentleg ettersyn i seks veker. Håpet er slutthandsaming og godkjenning i kommunestyret i mai/juni neste år.

Planen skal legge til rette for ny bygningsmasse på 12 etasjar, inkludert publikumsfunksjonar som restaurant, konferanse- og selskapslokale, park, spa-avdeling og ca. 75 nye rom.

Eigarane av Comfort Victoria Hotell har store vyar for Florø, fortalde dei til Firdaposten i april.

– Vi ønskjer å skape noko som verkeleg kan styrke byen. Noko som kan trekke folk utanfrå og dette meiner vi å oppnå med dette prosjektet, sa Ole Johan Helle då.

Han eig 45 prosent av Helle Invest, som eig hotellet og står bak utbygginga, mens bror Leif Arne eig fem prosent og far Mads Helle eig 50 prosent.

– Vi kan ikkje ha det slik at det skal vere noko vakuum mellom Ålesund og Bergen. Vi skal snu på det. Det er dei folkerike områda som skal vite om Florø og ønske å komme hit, slo Ole Johan Helle då fast.

Dei meiner at skal ein ha vekst og utvikling på reiselivsområdet treng ein meir x-faktor og ein turistmagnet som kan møte dei stigande behova i bransjen. Dei ønskjer å skape eit landemerke og ein turistmagnet for kystbyen.