Vi har møtt byråkratiske utfordringar som slit på motivasjonen og energien vår, seier Helle.
Helle Invest as med far Mads og sønene Ole Johan og Leif Arne, eig fleire bygg og eigedommar i Florø. Dei har eit genuint ønskje om å bidra til positiv by- og sentrumsutvikling. Då dei lanserte planane sine om eit 12 etasjers tilbygg til Comfort Victoria Hotell, så fekk dei stor støtte i Florø-samfunnet.
– Det var stor politisk positivitet kring prosjektet, og eg har kjensla av at 95 prosent av florøfolk ønskjer at vi kjem i gang med bygginga. Nokre naboar har innvendingar, men slik vil det alltid vere i slike større utbyggingstilfelle. Difor må eg innrømme at det har vore litt frustrerande at vi trass i overveldande positive tilbakemeldingar enno ikkje har fått løyve til å komme i gang med prosjektet vårt, seier Ole Johan Helle.
(Saka held fram under bildet)

– Ny runde er energitappande
Helle meiner dei har lagt fram særs grundige og detaljrike analysar og planteikningar som langt overgår det som eigentleg er nødvendig for å komme i gang med reguleringsarbeidet.
– Høgde, sol, skugge, analysar av korleis tårnet vil påverke byens tradisjonelle kystkulturelle bygningsmasse; vi har gjennomført mange og detaljerte analysar og planar. Men etter at Vestland fylkeskommune hadde innvendingar på prosjektet i fjor haust, så har vi nok ein gong måtte bruke midlar på ein stor analyserapport. Neste fredag er eit konsulentselskap ferdig med ein rapport som vi igjen skal presentere for kommunen. Eg kjenner på at vi startar ein på ny runde som vi alt har vore gjennom, fortel Helle.
– Det renn ut millionar av kroner utan at selskapet vårt er komne i gang med prosjektet. Vi spinn i sirkel. Det er tre, fire år sidan det var stor politisk vilje til gjennomføring av prosjektet vårt. Men gong etter gong må vi ta omkampar.
– Kva tenkjer du spesielt på i den samanheng?
– Analyse av korleis bygget vil påverke sol- og skuggeforhold. Høgda på bygget. Og fylkeskommunen sine folk er skeptiske til at eit påbygg forma som eit tårn ikkje passar inn i byens bygningsmessige kystkultur. Vi har stor respekt for korleis sentrum av Florø gir byen eit kystpreg, og dette meiner vi vårt prosjekt vil vere med på å styrkje. Dessutan er det jo ikkje slik at det ikkje finst andre tårnbygg i byen; både på barneskulen og ved Amfi finn ein slike tårn, illustrerer Helle.
Ser ingen ende
Det konkrete målet var å starte bygging i mars i fjor. Etter nye rundar har Helle no gitt opp å ha eit konkret tidspespektiv på når dei vil komme i gang med bygginga.
– Vi kan ikkje halde på med analysar etter analysar. Når ting trekkjer ut i tid, så tappar det oss både for energi og kapital. Eg ser ingen ende på prosjektet akkurat no.
– Betyr det at de legg heile prosjektet på is?
– Nei. I alle fall ikkje enno. Vi har framleis tolmod igjen. For det er eit strålande prosjekt som vil tilføre Florø og innbyggjarane verdiar. Eit prosjekt som vi verkeleg brenn for. Men utfordringane vi har møtt på fører til at prosjektet bli vesentleg dyrare og vi må vurdere lønsemnda i prosjektet. Med tida har også rammetilhøva endra seg. Eg tenkjer då på renter og byggjekostnader, seier Helle.
– Men på eitt eller anna tidspunkt må vi ta ei avgjerd; skal vi framleis prioritere tårnprosjektet? Eit alternativ kan vere at vi byggjer lågare i flukt med høgda som hotellet har no. Men då misser vi jo særpreget med tårnet som vi meiner tilfører byen positiv kvalitet. Eit anna alternativ er at vi brukar ressursane våre på andre prosjekt vi er involverte i andre stader.
– Eg kryssar fingrane for at vi ikkje treng å ta stilling til det siste alternativet. Sakshandsaminga har drege veldig ut i tid, men eg håpar byråkratiet no er i stand til å ta ei rask avgjerd slik at vi kjem i gang med tårnet, avsluttar Helle.

