Drifta vart eit livsverk for Gerd Kjellaug og Harald Berge. «Dei einaste i historia som har greidd å få folk til å kome strøymande til styggeveir». Men det er ei tid for alt.

Så kom det nye eigarar inn. Som det står, fritt etter Njåls saga: «Ille bar dei seg åt, og lenge skal deira skam minnast». Dei prøvde seg på brann og forsikringssvindel. Rettnok fekk dei dom og straff, men det er lita trøyst for ei bygd som enno er utan hotell.

Sidan har det vore fleire interessentar til å byggje og drive hotell. Ingen har sett spade i jorda enno. Det er eit større og større sjansespel etter kvart som fleire og fleire turistar gjer som snigelen og kjem med huset sitt på ryggen. Og det er ikkje sniglefart på dei. Kjem dei den eine dagen, er dei gjerne vekk den neste. Selje har kanskje meir bruk for ei storstove med kafè og stor parkeringsplass enn for eit hotell. Branntomta ligg ubygd enno, som eit verkjande gnagsår i folkeaugene. Men den tomta og heile reina nordover, er ein draum for entreprenørar. Den typen som vil kome, ta og tene pengar.

No er det nye folk med hotellplaner her. Dei marknadsfører seg som investorar. Investering er i mi verd at ein legg pengar i noko ein har tenkt å tene på. Selje Hotell Invest ser ut til å arbeide etter følgjande plan:

1. Presentere ei vakker teikning. Stor. Imponerande. Den finn vi alt på nettet. Lite konkret. Fine ord kostar ingenting, men kan skape velvilje og entusiasme.

2. Utvide området for hotellet. Stor utbyggjing = stor sjanse for entreprenørar til å tene store pengar. Investorane vil og ha Stad kommune til å ta alle utgiftene med å flytte vekk frå doktorkontoret på området og dei vil ha kommunen til å sjøl betale nytt bygg på annan stad. (Var det nokon som snakka om investering her?). Dette er alt kome langt.

3. Skaffe investorane større spelerom ved å få løyve til å byggje stort. Byggje høgt. ( I strandsona!! ) Planane er under arbeid. Kommunestyret har enno ikkje godkjent dei.

4. Viktig! Skaffe seg løyve til å endre bruksformålet når/om det viser seg at hotelldrifta ikkje er lønsam nok for investorane. Då kan dei selje seg ut ved å selje ferieleiligheiter med flott strandutsikt .

Om dei får dette til, har dei ikkje teke nokon riskar med sin «risikovillige kapital». At dei som bur på hi sida av vegen, somme i fjerde og til og med femte generasjon ved Seljesanden, misser all utsikt, er nok ikkje det slag viktig når ein er einøygd innstilt på profittmaksimering. Kynisk spel? Ja! Svak kommunal kontroll? Det siste veit vi ikkje enno. Det siste ordet er ikkje sagt.

Selje Hotell Invest må gjerne ta pennen fatt og fortelje konkret kvar det eg har skrive, er tvilsomt eller feil. Det hadde vore så bra om det var det. Men ver så snill å ikkje bruke ordet utvikling i argumentasjonen! Å seie at ein vil «utvikle» eit område , når det ein tenkjer seg, er å rasere eit sentralt og tradisjonsrikt miljø i ei bygd, er ein hån mot dei som verkeleg utvikla det gamle Selje hotell og mot bygda Selje.

Det må óg sterkt ønskjast at dagens investorar ikkje må bli hugsa med orda frå Njåls saga.