Regine Johansen (28) hadde knapt høyrt om Sandane i Nordfjord, før ho flytta dit.

Karmøybuen kom først til vestlandsbygda som ein del av eittårig traineeprogram. Ho fekk fast jobb og eitt år har så langt blitt til fire i Sogn og Fjordane Energi (SFE).

– Eg blei verande fordi eg treivst veldig godt i jobben og eg fekk ein veldig spennande jobb vidare. Eg fekk både ansvar, kjekke arbeidsoppgåver og moglegheiter til å jobbe med kjekke folk.

Distrikts-Noreg skrik etter folk som vil jobbe der, og det er særleg vanskeleg å rekruttere unge.

Sjølv om folketalet i Noreg er venta å auke, vil det bli færre folk i 40 prosent av kommunane fram mot 2050, viser tal frå Statistisk sentralbyrå.

Det er i hovudsak i distriktskommunar som vil få færre folk.

Forskarar trur at nettopp at slike traineeprogram som Johansen var ein del av, kan vere viktige for å lokke unge med høg utdanning til bygda.

Ordninga fungerer som ein praksisstilling, med full lønn i eitt år.

Rekrutteringssuksess

Look North Trainee, Fjelltrainee og Framtidsfylket – traineeordningar har poppa opp over heile landet.

Målet med mange av programma er at arbeidsgjevarar skal få tak i fersk og relevant kompetanse, samstundes som at fleire unge skal få auga opp for jobbmoglegheitene utanfor dei største storbyane.

Ei undersøking av 13 regionale trainee-ordningar gjort av Distriktssenteret viser at ordninga har vore ein suksess for å rekruttere høgt utdanna arbeidskraft til distrikta.

Det blir også trekt fram at ordninga gir mange verksemder ei varig rekruttering.

– Mange av ungdommane som blir rekrutterte til verksemder gjennom traineeprogram frå tilbod om fast jobb, og vel å ta han, seier direktør Marit Mellingen ved det statlege Distriktssenteret.

Den sosiale biten av traineeprogrammet er ein av nøkkelfaktorane bak suksessen, viser undersøkingane til Distriktssenteret.

Det er ofte mange unge traineear som startar samstundes. Programma inneheld også sosiale aktivitetar utanom jobb som er med å skape tilhøyrsle til staden, fortel Mellingen.

– Ungdom er opptatt av sosiale møteplassar. Tilgang til bustad og natur og karrieremoglegheiter er viktig. Då hjelper traineeprogramma med å vise fram moglegheitene på ein annan måte enn ein vanleg jobb.

I tillegg får den nytilsette kanskje prøve seg i ulike posisjonar i jobben.

Undersøkinga viser at det likevel kan det vere krevjande å få unge til å bu i distrikta lenge.

Sosialt nettverk er viktig

Regine Johansen deltok i Framtidsfylket si traineeordning. Om lag halvparten av traineeane deira har blitt buande i Sogn og Fjordane over ei lengre periode, syner ei undersøking frå 2019.

Framtidsfylket har rekruttert traineear i 19 år. På det meste har godt over 1000 personar søkt på om lag 20 stillingar. Det klare fleirtalet av årets traineear held også fram i stillingane sine.

Linda Hovland, leiar for Framtidsfylket, meiner i likskap med Mellingen at den sosiale nettverket ved ordninga er viktig.

– Med ein gang du kjem veit du at du har andre i same situasjon og livsfase, og du har noko ein kan vere med og dele erfaringar med.

Hente heim bygdeungdommen

Forskar Jostein Brobakk ved Ruralis – institutt for regional- og ruralforsking har også inntrykk av at traineeordningane har fungert for å lokke unge til jobbar i distrikta.

Han viser til at ein av dei store utfordringane er å få bygdeungdommen tilbake til bygda etter avslutta utdanning. Då er nettopp relevante arbeidsplassar viktig.

Kvifor treng vi at folk bur i distrikta?

– Dei største byane ønskjer ein befolkningsvekst, men det er vanskeleg å hankast med tilflytting dersom alle skal flytte til byen.

I tillegg meiner han at mange av framtidas grøne ressursar finst på bygda.

– I ei framtid der vi skal belage oss meir på grøne ressursar treng vi at det bur folk i distrikta med både spesialisert utdanning og arbeidsfolk, seier forskaren.

På Sandane ser det ut til at Regine Johansen held fram i SFE.

– Eg er der eg trivast og har ikkje noko plan om å flytte.