Mari Anne Feet (57), opphavleg frå Uskedalen, vart måndag tilsett som ny hotelldirektør ved Rosendal Fjordhotel. Feet har jobba med reiseliv og hotell i heile karrieren, blant anna hotelldrift i Asia i mange år. Vidare har ho jobba i europeiske land og i Nord-Norge halvtanna år, før ho fram til nyss jobbar ved Fjordslottet på Osterøy.
– No lengta eg tilbake til Vestlandet og flyttar til Rosendal, ler Feet når Kvinnheringen treffer henne og Iwan Eide Knudsen i hotellresepsjonen.
Den nyslåtte hotelldirektøren flytta frå Uskedalen då ho var ti og hadde oppveksten til ho var 18 i Haugesund.
– Då reiste eg til Frankrike og sidan har eg vore rundt i heile verda og jobba med reiseliv, frå eg var 30 har det handla om hotell.
Ho kontakta sjølv hotelleigarane då ho skjøna at dei kom til å jakta ny sjef.
– Då hadde eg fått tips frå kjende i Kvinnherad om at eg burde søka. Eg kjende at eg ville nærare heim, og eg har mor i Haugesund, så eg sende ein søknad. Så gjekk det tre veker for leiinga var ikkje på jakt akkurat då, men så vart eg kontakta av rekrutteringsfirmaet og hadde fleire samtalar, før Iwan sa han ville snakka med meg åleine.
– Eg var ute etter ein person som tenkjer på same måte som meg, seier Knudsen.

Lagbygging
– Med tanke på den støyen som i ein periode prega fjordhotellet: Kva leiarfilosofi har du?
– For meg handlar det om lagbygging og relasjonsbygging og eit nært og godt tilhøve til lokalsamfunnet. Eg synest er kjekt å vera kvinnhering og koma tilbake til Kvinnherad, og i så måte er vertskapsrolla og det å vera til stades svært viktig i mi rolle.
Styreleiar og hotelldirektør fram til måndag, Iwan Eide Knudsen, som eig hotellet i lag med broren Tom Eide Knudsen, står nærast og trippar ved sida av Feet, og vil – slik bergensarar ofte vil – skyta inn både eitt og hitt i «sakens anledning»:
– Vi fann kjemien med ein gong og er samde om byggja stein på stein framover. Då blir det ein fantastisk arbeidsplass og eit fantastisk bra hotell. Eller, det er det jo alt, men det skal bli endå betre.
Styreleiaren fortel om den «innglassa» uteserveringa «Baronessa» som skal stå klar til våren, om lyssetting utomhus, nyet skilt, skifer på taket, ny buffé, nytt skifergolv inngangen av restauranten, flott kaianlegg og stor satsing. Og sist men ikkje minst: Ny hotelldirektør på plass, formelt tilsette frå måndag av.

– Å koma ny inn og bli tatt imot på den måten eg har opplevd, det er heilt strålande. For meg betyr det svært mykje å kunna jobba tett saman med eigarane, slår Feet fast.
Iwan Eide Knudsen understrekar at han brenn for Rosendal Fjordhotel:
– Hotellet er «min baby» – eg elskar både hotellet og staden og får energi her inne – denne babyen får ingen kødda med!
Det får både Knudsen og Feet til å le godt, dei forsikrar at dei er heilt på line med omsyn til visjonane for hotellet, at dei snakkar same språket og har humor som går i hop.
– Apropos det: Du har jo ikkje signert arbeidskontrakten enno, ler Knudsen og får Feet til å le med.
Litt sentimental
Feet fortel elles at ho kjenner litt på dette med å koma heim igjen til Kvinnherad:
– Det er litt sentimentalt. Eg har to born, ein gut på 24 i Bergen og ei jente på 23 i Oslo. Dei har sitt på kvar sin stad, men eg er tilbake til Kvinnherad og eg synest det er heilt nydeleg å koma heim.
Feet kjenner seg alt godt motteken blant dei tilsette:
– Eg vart tatt imot med opne armar i går, smiler Feet som ser fram til oppgåvene framover.
– Dette er slikt arbeid eg brenner for. Og trivsel på jobben er utruleg viktig. For meg er det viktig at lokalbefolkninga sluttar opp om hotellet så eg håpar folk slår ring om hotellet og sluttar opp om oss, forsikrar den nye hotelldirektøren som understrekar at ho har kvinnheradbunad.


