Det var 5. oktober det vart kjent at kjendisinvestoren og tidlegare Petter Stordalen-partnar, Magnus Rønningen, hadde gått til søksmål mot tidlegare hotelleigar. Rønningen har dei siste par åra kjøpt opp store deler av bygda med rundt 1500 innbyggjarar.
Blant anna, hotellet midt i Vågåmo sentrum.
Bakgrunnen for søksmålet er at han meiner at seljaren heldt tilbake opplysningar ved salet og saksøkte den tidlegare eigaren, Suat Catalgøl, for 13 millionar kroner. Ifølgje Rønningen vart det avdekka etter overtaking at ni av hotellets 58 hotellrom ikkje tilfredsstiller forskriftsmessige krav til branntryggleik.
Dommen frå Vestre Innlandet tingrett fastslår at Sudacat AS må betale 4,5 millionar kroner til Niche Holding AS og Vågå Nasjonalpark Holding AS. Sudacat AS må i tillegg betale 488.822 i saksomkostninger.
– Dommaren slår fast at det var grovt aktlaust å ikkje fortelje til brannvesenet og kommunen at den eldre fløya på hotellet ikkje vart nytta til overnatting. Derfor har vi fått erstatning utover ansvarsbegrensningen i kontrakten. Klarere enn det kan det ikkje bli, seier Rønningen til NRK.
Vurderer å anke
Elias Christensen, advokat for Sudacat AS, fortel at dei er skuffa over dommen.
– Vi er ikkje samd i vurderingane som ligg til grunn for resultatet. Tingretten har trudd på at Catalgøl ikkje har vore kjend med dei påståtte forskriftsmanglar. Men at retten likevel meiner at sel skal bere utbetringskostnadene stiller vi spørsmål ved, seier Christensen.
Dei vil vurdere å anke dommen.
– Vi skal fyrst ta ein nærmare analyse av dommens premissar.
Møttest i retten
Den tidlegare hotelleigarens selskap, Sudacat AS, nekta for påstandane i retten og viste til at selskapet og hotellet fram til overtaking var drevet og haldt ved like på ein forsvarleg måte.
Ifølge dei har det i Suat Catalgøl si eigartid ikkje vore treft verken vedtak eller varsel om bruksforbod for dei aktuelle romma.
Meinte han gav alle opplysningar
Magnus Rønningen, via sine selskap, meiner at seljar har forsettleg eller grovt aktlaust heldt tilbake opplysningar ved salet. Dermed meiner dei at dette er brot på garantiar i aksjekjøpsavtale.
Dette nektar Suat Catalgøl for og han meiner at han har gjeve alle tilgjengelege opplysningar som leidde fram til kjøpet, ifølge sluttinnlegget til tingretten.
I dommen skriv dommaren at når tidlegare hotelleigar ikkje gav brannvesenet opplysningar om at den eldste delen av hotellet ikkje var i bruk, er det grovt aktlaust. Retten legger også til grunn at det var fleire alvorlege avvik ved branntryggleiken i hotellets eldre del.