– Det er ganske kult å ha kome gjennom nålauget og få vere med på dette, seier Inger Sekse Gunvaldsen.
Ho er ein av dei 17 studentane som i år har starta på Noregs første formelle pommelierutdanning.
Utdanninga er ved Fagskulen Vestland på Hjeltnes i Ulvik, ein sidearm til Hardangerfjorden.
Her får studentar frå heile landet lære om sider, sensorikk og kunsten å kombinere sider med mat.
Med dette tek dei steget frå kortvarige kurs til eit årsstudium på 30 studiepoeng – eit stort løft for siderbransjen som lenge har sakna anerkjenning.
– Har same kvalitetane som vin
Etter fullført studium vil dei 17 kvalifisere til tittelen pommelier.
Lik ein sommelier, som er ein ekspert på vin og mat- og vinparring, er ein pommelier spesialist på sider og kombinasjonen av sider og mat.
– Sider har mange av dei same kvalitetane som vin, med smak, syre og sødme, og det kan fint kombinerast med mat. Likevel manglar det kompetanse på sider i restaurantbransjen, og servering av sider har ikkje fått den same profesjonaliteten som vin.
Det seier David Gyllander som er fagkoordinator for pommelierutdanninga på Fagskulen Vestland.
Kva studentane lærer på pommelierutdanninga
- Pommelier er eit studium for dei som ynskjer inngåande kunnskap om sider og siderens rolle i måltidssamanheng.
- Studentane vil læra om sidertypar, siderstilar, siderkultur og ulike klassifiseringssystem for sider.
- Utdanninga vil fokusera på korleis gjæringa og prosessmetodane er avgjerande for kvalitetseigenskapane til det ferdige produktet.
- Studiet vil også ha i seg relevante tema som er viktig i yrkessamanheng slik som verdiskaping, herunder fagrelevant økonomistyring, marknad, samt lovverk relevant for yrkesutøvinga.
- Det generelle grunnlaget for opptak til studium ved Fagskulen Vestland er at søkjar skal ha fullført og bestått vidaregåande opplæring med relevant fagbrev/sveinebrev eller generell studiekompetanse i kombinasjon med realkompetanse.
- Utdanninga er 30 studiepoeng som vert tilbydd som nettstudium med samlingar.
Pommelierutdanninga er ei unik utdanning som gjev studentane kunnskap om siderens smak, sensorikk og kombinasjon med mat, samt formidling og vertskapsrolla.
"Vi såg at sider ofte blei oversett som drikkealternativ på restaurantar, og derfor syns vi det var på høg tid å gi sider ein eigen utdanning. Dette er eit viktig produkt, særleg her på Vestlandet, og det har fortent å bli meir anerkjent."
David Gyllander, fagkoordinator for pommerlierutdanninga
Ta i bruk sansane
I januar i år starta 17 spente studentar på den nye utdanninga. Studentane har variert bakgrunn – nokre frå restaurantbransjen, andre som siderprodusentar.
– Neste år aukar vi talet litt, og i 2025 er det planlagt at vi tek inn 20 studentar, seier Gyllander.
Studenten Inger Sekse Gunvaldsen driv med eple- og siderproduksjon i Hardanger. For ho var det naturleg å søke på utdanninga.
– Eg ønskte å få meir fagleg kunnskap. Å ha tittelen pommelier gjer meg sterkare i det eg driv med, seier ho.
Eit viktig fokus i utdanninga er sensorikk og matparring. Studentane har gjennom året fått smake på eit breitt spekter av sider for å trene opp smaks- og luktesansane sine.
– Det har vore veldig interessant å bruke sansane for å analysere sider, men det er òg utfordrande. Det handlar om å øve på å lukte og smake, og bli kjend med det du kjenner, seier Gunvaldsen.
Ein viktig milepæl
Oddmund Klakegg, leiar for næringsutvalet i Vestland fylkeskommune, er stolt over at den første pommelierutdanninga i landet allereie tiltrekk seg studentar frå heile Noreg.
– Det viser at det er eit behov for denne typen kompetanse, seier Klakegg.
Han understrekar at sidernæringa har blitt ein viktig del av landbruksnæringa, spesielt i Hardanger, der fleire småskalaprodusentar har etablert seg.
– Næringa viser stor lønnsemd og framtidstru. Dette gir støtte til landbruket og distriktsnæringane. Samtidig utdannar vi fagfolk som kan formidle norsk siderkultur og gi nordmenn betre kjennskap til eigne råvarer, seier Klakegg.
Klakegg meiner utdanninga kan skape nye arbeidsplassar og styrke eksisterande næringar i distrikta.
– Å løfte fram sider og andre lokale produkt er avgjerande for vidare vekst, seier han.
Bestod med glans
I desember var studentane gjennom sine siste prøvingar før dei kunne få den ettertrakta tittelen som pommelier.
Den store dagen kom 10. og 11. desember, då studentane skulle testast i alt dei hadde lært gjennom det intense året.
Før Gunvaldsen tok steget inn i eksamenslokalet, la ho ikkje skjul på kva som uroa henne mest.
– Det er særleg smakinga av sider og det å kunne setje sider til mat som eg var mest nervøs for.
Eksamen var todelt, med ein teoretisk del om siderproduksjon og ulike siderstilar, og ein praktisk del om service og profesjonalitet i servering.
Alle studentane bestod eksamen med glans.
– Nå er eg endeleg pommelier, jublar Gunvaldsen.
Lærar og sensor Thor Oddvar Havn fortel at studentane imponerte både i kunnskap og utføring.
– Det er kjekt å sjå kor mykje dei har lært på berre eitt år, både teoretisk og praktisk.
Behov for spisskompetanse
Vestland fylkeskommune peikar på eit aukande behov for spesialisert kompetanse innan mat- og reiselivsnæringa.
– Etterspurnaden etter kokkar og andre fagfolk med høg fagleg kompetanse innan matfag er stadig aukande, spesielt i hotell- og restaurantnæringa, seier Oddmund Klakegg.
– Vi må tilby gjestane meir enn vakre naturopplevingar. Utdanninga bidreg til eit meir heilskapleg tilbod, der lokale mat- og drikketradisjonar spelar ei sentral rolle, seier han.