Berre tre gonger tidlegare har nokon blitt strokne frå

sist gong i 2021 då Verdsarvkomiteen slo ned på høghus-fortettinga i Liverpool.

I Aurland sitt tilfelle kjem presset andre vegen – frå kommunen sjølv.

I Sogn Avis identifiserer to Arbeidarparti-toppar verdsarvstatusen til Nærøyfjorden og Aurlandsfjorden som «rota» til at det lokale sjølvstyret er sett ut av spel.

Vidare klager dei over at verdsarven «blir brukt som brekkstong» for meir eller mindre gode tiltak som kommunen berre må finne seg i.

– Det er eit drastisk steg å gå til. Men vi må bli høyrde, seier Kjell Bøe Bjørgum, ordførarkandidat for Aurland Ap, til NRK.

Noreg har i dag åtte inskripsjonar på Unescos liste over kulturarven i verda.

I 2005 vart Nærøyfjorden innlemma på Unescos verdsarvliste

I 2005 vart Nærøyfjorden innlemma på verdsarvlista, med Dronning Sonja som Høg beskyttar. Her saman med tidlegare Aurland-ordførar Olav Ellingsen (Sp). 18 år seinare seier Ellingsen, som i dag er styreleiar i Aurland hamnestell, at kommunen kan hende hadde vore betre tent om dei ikkje vart sett på verdskartet.

FOTO: ARNE VEUM

– Bør gjere det vi kan for ikkje å ha statusen lenger

Bakgrunnen for konflikten er den såkalla Nullutsleppsforskriften som seier at cruiseskip og ferjer skal segle utsleppsfritt i norske verdsarvfjordar «seinast innan 2026».

Forskrifta vart vedteken av Stortinget i 2018, til protestar frå fleire «cruise-bygder» som gjorde forsøk på å utsetje fristen til 2030, utan hell.

I eit nytt forslag til overgangsordning har Aurland foreslått ein

innfasing av reglane for å få betre tid til å områ seg.

I mars drog ordførar Trygve Skjerdal (Sp) i eigen person til departementet for å overlevere den «mindre rigide»

til klimaminister Espen Barth Eide (Ap).

– Rapporten fekk mange lovord, men lite tilbakemeldingar på om han vert lagt til grunn i det vidare arbeidet, seier Skjerdal til NRK.

I mellomtida går kost-nytte-analysane i Aurland høgt – om gevinstar og haker ved verdsarvstatusen, og om det er mogleg å seie opp avtalen.

Monica Finden, som er gruppeleiar i Aurland Høgre, seier det er «krise» for kommunen om dei må seie farvel til cruisetrafikken frå 2026.

– Om dei negative konsekvensane er større enn gevinsten ved verdsarvstatusen, så bør vi gjere det vi kan for ikkje å ha statusen lenger, seier ho.

Reiselivsekspert Odd Roar Lange seier mange ville «gitt høgrearmen» for ein UNESCO-status.

– Mange ville gjort nesten kva som helst for å kome inn på lista. No ser det ut som nokre politikarar har lyst til å gjere kva som helst for å kome ut av lista, og det er nesten heilt uforståeleg, seier han.

Trygve Skjerdal (Sp), ordfører Aurland.

– Verdsarvstatusen er ikkje eit abonnement du ringjer for å seie opp. Dersom vi oppfører oss slik at UNESCO tek frå oss statusen, trur eg det ville setje oss eit særs flautt lys, seier Trygve Skjerdal (Sp).

FOTO: VALENTINA BAISOTTI / NRK

– Vi har sett at debatten vil kome

David Underdal er varaordførar Aurland kommune og styreleiar i Nærøyfjorden Verdsarvpark.

Han karakteriserer debatten om å droppe verdsarvstatusen som «lite konstruktiv».

– Vi vil forvalte verdsarven lokalt, ikkje setje han i spel, seier han.

Han legg til at det er «feil» å hekte global klima- og miljøpolitikk på verdsarven-statusen, og at særreglar knytt til verdsarven må ha effekt i det same området.

Ein kronglete køyretur nordover, til like ikoniske Geiranger, er det teikn til at den same debatten kan vere på veg:

– Vi har sett at debatten rundt verdsarv vil kome, men ventar den endelege

frå Klima- og miljødepartementet, seier hamnesjef Rita Berstad Maraak.
Klima- og miljøminister Espen Barth Eide (Ap)

I mars drog ordførar Trygve Skjerdal (Sp) i eigen person til departementet for å overlevere den «mindre rigide» Miljøpakken til klimaminister Espen Barth Eide (Ap).

FOTO: OLE BERG-RUSTEN / NTB

– Gale å bruke verdsarvstatusen som syndebukk og hoggestabbe

– Verdsarvstatusen er korkje vern eller vedtaksorgan, seier Aurland-ordførar Skjerdal.

Han seier det er Stortinget som må vere adressat for klagemål og skuldingar («det er dei som rir kjepphestar»), og at det er gale å bruke verdsarvstatusen som «syndebukk og hoggestabbe for politisk uklokt prinsipprytteri».

Han legg til at verdsarvstatusen er tildelt gjennom ein lang internasjonal prosess og at marknadsføringsverdien er «større og viktigare enn vi anar».

– Verdsarvstatusen er ikkje eit abonnement du ringjer for å seie opp. Dersom vi oppfører oss slik at UNESCO tek frå oss statusen, vil det setje både nasjonen Noreg og kommunen Aurland i eit særs flautt lys.

– Verdsarvstatusen skal vi verne om, så får vi heller vurdere å skrote rikspolitikarar.

Utkikkspunktet Stegastein på vinteren

Utkikkspunktet Stegastein ligg i Aurland kommune. Ein rapport frå Menon, bestilt av Sjøfartsdirektoratet, synte at nullutsleppskravet har liten totaleffekt fordi utsleppa blir flytta frå verdsarvfjordane og til andre stadar.

FOTO: NORALV DISTAD