Det skulle tatt seg ut, seier du kanskje.

Så difor kan snøen ligge urørt ein vinter til rundt det ein gong så stolte hotellet på Raphamn, ved inngangen til Rondane. Hadde karane som eig kjøpt seg eit gardsbruk i bratta nokre hundre meter lenger ned, med fôrgrunnlag for 10 sauer, ville dei garantert fått beskjed av styresmaktene våre om å busette seg på eigedomen innan eitt år. Landbrukskontoret ville kontrollert prisen og skatteetaten postadressa.

Og om kjøparane ikkje meldte flytting, ville risikoen for å få omstøtt heile handelen vore reell. Skulle dei vera typene til å krangle på ting, ville saka deira i ytterste konsekvens gjeve arbeid og merksemd til ei heil skuleklasse av offentleg byråkratar og folkevalde. På lokalt, regionalt og kanskje sentralt nivå. I den akk så regelstyrte nasjonen Norge.

Men det er altså ikkje relevant her. For eigarane på Raphamn kjøpte seg hotell, dei, og ikkje småbruk. Kven dei er kan vera det same. Men dei slepp altså plunder og heft med styresmaktene og kan rå seg sjølve. Og slepp ubehaget med å skrøne.

For i denne etasjen av det norske samfunnet gjeld korkje konsesjonslov eller anna som hefter for at kapitalen skal få flyte fritt. Konsesjonslova gjeld for landbrukseigedommar og buplikta er der fordi vi skal ha busetting og aktiv drift i bygdene. Og da kan ikkje folk gjere som dei vil. Vi veit jo det. Næringseigedommar utanfor landbruket er noko anna. Om dei ligg på fjellet, i bygda eller ved sjøen, så har ikkje styresmaktene noko med kven som kjøper og korleis dei blir nytta. Dei som kjøper treng ikkje ha andre intensjonar enn å eige eit kvarters tid. Eller la stå i hundre år. Drive treng dei ikkje så lenge det ikkje er saubeite og møkkhaug bak uthuset. Der det er marknad for privat hytteutvikling kan dei rive, splitte opp, vente litt. Krangle på at dei ikkje får viljen sin når det gjeld reguleringsplanar kan dei óg gjere. Der det ikkje er gevinst å hente, kan anlegga i verste fall berre få stå inntil naturen tek det att.

Spørsmålet vi må stille oss er på kva måte styresmaktene kan skaffe seg verktøy som gjer at plassar som dette kan kome tll nytte att, bli til noe anna, eller om så er, forsvinne. Og for å følje ein radikal tanke heilt ut: Skal vi verkeleg halde fram med å tvinge folk til å bu på gamle buplassar i bygda medan spøkelsesbygg i fjellheimen ikkje skal angå oss. Er vi ikkje i det same landskapet? Mange vil seie at ein må sjå realitetane i auga og akseptere at slike anlegg meir eller mindre er ute av soga. Men korleis skal i tilfelle ruinane sikrast? Skal bygningsmassen på den eksponerte utsiktstomta i dette tilfellet stå der inntil sauen søkjer ly for sola i resepsjonen?

Berre ein rev har vore her før meg i dag. Hotellet her vart opna ein septemberdag i 1967, er solid bygdt og har rom til 140 gjester. Etableringa var resultat av politisk handverk den gongen, mellom anna frå den politiske kjempen Ola Dahl. Her skulle jernbanetilsette feriere og det gjorde dei også i mange tiår. I mange år sto opp mot tjue tilsette på lønningslista. Min kjetterske tanke denne morgonen er at dei som eig skulle hatt buplikt dei også, og sopt snøen av trammen. Dei burde seld meg kaffe og kringle etter skituren og lagt to pinner i kors for å reie opp senger og ynskje gjester frå inn og utland velkomne Nord-Europas vakraste fjellheim. Men det er nok å drøyme. Samstundes kunne det vore interessant å vite kva eigarane tenkjer. Og kva tenkjer dei som seier dei vil utvikle fjellregionen mede pengar frå staten? Har dei i det minste har ein intensjon om å få til dialog.